Årdal: – Dans er fint for å halda seg i form, og so er det godt å koma seg ut lite grann, seier Bjarne Størseth.

Med «å koma seg ut» siktar han til å møta folk og gjera noko saman. Elles går han ut på tur sjølv òg, kvar einaste dag, til Yttremoa.
Måndagane kjem han på eldredansen i Årdal kulturhus.
I tillegg set han og andre årdalsdansarar seg i same bil kvar veke og køyrer av garde til Lærdal. Der dansar dei med lærdølene.
Leikarringen som han var med i dansa for kongeparet
Bjarne Størseth likar å danse alle moglege dansar, og har undervist i mange typar dans. Men han har berre vore på dansekurs fem gonger. Ein gong i Sogndal, ein gong i Jølster og tre gonger «oppe over fjordane».

– Kva synest du om gamaldans?
– Det er fint det, og gamaldans har eg dansa mykje før i tida. Eg gjekk på leikarringen heilt til det vart slutt med den. Det var før me begynte med seniordansen, fortel Størseth.
Leikarringen vart arrangert fast i Årdal før, og der dansa dei gamle norske folkedansar.
– Me fór mange plassar for å dansa, me fór til Tyin og lenger austetter i Valdres.
Den siste danseturen han la ut på med leikarringen var til Lærdal. Dei dansa gamaldans for kongeparet og andre frammøte då Lærdalstunnelen opna.

– Det gjekk voldsomt fint. Me hadde spelemann med oss, og so dansa me inne i tunnelen.
Spelemannen spela på hardingfele. Denne seine haustdagen i år 2000 vart siste gongen det var dans med leikarringen i Årdal.
Frå eit danselag til eit anna
Det var Gunnvor Haug, som no engasjerer seg i kinodrifta på Årdalstangen, som saman med Størseth skipa eldredansen for 17 år sidan.
– Ho er ein flink dansar, og det var ho som ville begynne med seniordansen. Me fór til Sogndal i år 2000 på kurs, og so starta me seniordansen etterpå.

Dei fekk i gong dans fast kvar veke både i Øvre Årdal og på Årdalstangen, og i årevis var det 20-30 dansarar som møtte fast opp i begge årdalsbygdene.
Sidan har det vorte færre deltakarar, 28 i heile Årdal. Alle samlast no og dansar i Øvre Årdal.
Størseth var òg med på å skipa seniordansen i Lærdal, og der òg har han bidrege som danselærar.
Men for ei tid sidan takka han for seg som danseinstruktør, og yngre krefter har teke over. Sigrun Grindedal og Olina Kleppe held no eldredansen i Årdal.
