STOR-SOGN: Hilmar Høl (Ap) tykkjer det er synd at Stor-Sogn sprakk og trur Sunnfjord no er meir styrka til å bli ein større vekstmotor. Arkivfoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
STOR-SOGN: Hilmar Høl (Ap) tykkjer det er synd at Stor-Sogn sprakk og trur Sunnfjord no er meir styrka til å bli ein større vekstmotor. Arkivfoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Han synest det er synd at Stor-Sogn sprakk

Og Hilmar Høl (Ap) retta nok ein gong kritikk mot regjeringa si handtering av kommune- og regionreforma.

Årdal: Dei siste månadane har det knapt gått ein dag utan at kommunereforma har blitt nemnt i media.

Om 15 dagar går fristen for vedtak i kommunane ut, og det er allereie klart det ikkje blir samanslåingar i Indre Sogn. Det tykkjer Hilmar Høl er leit.

– Kommune- og regionreforma har eg aldri hatt nokon panikk for. Eg er vel ein av dei få som tykte det var synd at Stor-Sogn sprakk. Eg meiner og trur det kunne blitt ei drivkraft med politisk storleik som kunne ha kjempa til det beste for heile regionen, sa Høl frå talarstolen på fylkestinget tysdag.

– Ein kunne unngått at ein sit på kvart vårt nes og ropar, og ein burde sett løysingar og vore meir opptekne av å lage grobotn utover saman med vekstsenteret Sogndal. Dette klarte dei i Sunnfjord. Eg trur dei har lagt grunnlaget for å auke eigne sjansar til å styrka seg og bli ein større vekstmotor.

– Sogndal kunne vore rausare

Årdølen måtte innsjå at hans heimkommune forblei ufrivillig ugift etter forsøk på forhandlingar om eit storalternativ i Sogn og deretter eit sørsidealternativ med Lærdal og Aurland.

Då formannskapet i Årdal gjorde endeleg vedtak i saka tysdag, var partikollega Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) klar på kvifor Stor-Sogn ikkje vart noko av.

Les også: Han avviser at helsekrangel stoppa forhandlingane

– Eg meiner framleis det stranda på Lærdal sjukehus. Den held eg fast på. Eg tykkjer det er beklageleg. Sogndal kunne vore rausare og sett utover eigen kommune og sjå regionen som heilskap. Då ville heile regionen hatt vekst, ikkje berre Sogndal, sa ho. 

Kritisk til handteringa

Det er no opp til fylkesmennene i Noreg å gi si innstilling til korleis kommunekartet skal sjå ut. Denne veka møter kommunalminister Jan Tore Sanner fylkesmennene. Senterpartiet har allereie gått ut og gitt beskjed om at Sanner burde avlyse heile prosessen med kartteikning.

I Sogndal har dei gitt beskjed til fylkesmannen at dei likevel ønskjer å slå seg saman med Luster, Leikanger, Vik og Balestrand. I Årdal legg dei vekt på at dei står ufrivillig att åleine. 

– Ein må også seie noko om prosessen. Sanner har ikkje imponert meg på måten han har handtert dette. Han har ikkje fått klart fram kva som er målsettinga anna enn at det dreie seg om færre kommunar og fylke. Oppgåvemeldingar har ikkje meldt noko, ikkje ser det ut til at det blir tydelegare heller, sa Høl, som også kom med ros til fylkesordførarane på Vestlandet for arbeidet med regionreforma.

– Eg vil rosa initiativet til dei tre sterke damene i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane for måten dei har valt å møte utfordringane på, ved å samla seg rundt ein felles veg for å sjå kva ein kan oppnå. Eg meiner sjølv me har få val. Dette må me vere med på når ein ser den stramme økonomien i fylkeskommunen. 

Til toppen