FRISKE KREFTER: Torgeir Skålid vert ny næringssjef i permisjonsfråværet til Per Odd Grevsnes. Det er ei oppgåve han ser fram til.
FRISKE KREFTER: Torgeir Skålid vert ny næringssjef i permisjonsfråværet til Per Odd Grevsnes. Det er ei oppgåve han ser fram til. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Han tek over roret i Sogn Næring

Det komande året skal Sogndal byggje ferdig eit innovasjonssenter og, forhåpentlegvis, få landa eit vitensentersenter. Torgeir Skålid er ein av dei som skal halde kursen i gründermedvinden.

Sogndal: Med Per Odd Grevsnes ute i permisjon eitt år, tek Torgeir Skålid over som dagleg leiar i Sogn Næring, næringsselskapet til Sogndal og Leikanger.

– Det blir spanande. Det er mykje som skjer rundt oss, både kommunesamanslåing og ei regionalisering av næringsarbeidet til kommunane. I tillegg er det mange spanande prosjekt og eit spanande næringsliv å jobbe mot, seier Skålid, som det siste året har vore engasjert som rådgjevar i Sogn Næring.

Mykje stort på gang

Frå før er han aktiv i styra til mellom anna Bratt Utvikling, Sogndal Kulturhus og Den Norske Bokbyen i Fjærland, der han er styreleiar.

Det er nok av oppgåver som ventar han det neste året. Det første han ramsar opp er å hente inn at underskotet frå i fjor. Det neste er det flunkande nye innovasjonssenter dei skal inn i og utvikle i lag med Kunnskapsparken.

– Det blir ei formidabel oppgåve å fylle det med flinke folk og gode idear, seier Skålid.

Vidare fortel han at dei skal ta større ansvar for Sognefjorden Næringshage, som rettar seg meir mot etablerte bedrifter. Dei har fleire andre spanande prosjekt på gang, ikkje minst vitensenteret på Kaupanger, som den nye næringssjefen håpar å bidra til blir realisert.

– I tillegg håper vi at næringslivet i bygdene våre i enno grad større grad kan bruke oss til å utvikle seg sjølve og ideane sine, ikkje minst i Leikanger, seier han.

Vil ikkje klore seg fast

I eit innhogg i Sogn Avis framheva nyleg kommentator Georg Arnestad Skålid som ein del av den nye maktrioen i Sogndal, saman med Yngve Hallèn, styremedlem i Sogn Næring, og Per Odd Grevsnes, mannen Skålid no tek over for. I innhogget var mannsdominansen hovudankepuntet, men Arnestad tøtsja òg innom dei  kameratslege banda mellom dei tre.

Skålid er lite villig til å kommentere utspelet, men tykkjer maktbalansen i bygda blir skeivt framstilt. For det første meiner han analysen ignorerer dei mange mektige og flinke kvinnene i kommunen. For det andre tykkjer han det naturleg at engasjerte folk får mange rollar i eit lite lokalsamfunn.

– Viss det er tette band mellom folk som misbrukar makta si, så er det eit problem. Førebels føler eg at eg gjer eit positivt bidrag til det som skjer i bygda. Den dagen eg får beskjed om det motsette, så skal ikkje eg klore meg fast i nokon av rollene mine. Det er ikkje viktig, seier han.

Til toppen