NY SJEF: Rasmus Mo blir dagleg leiar i Sogndal Fotball inntil vidare.
NY SJEF: Rasmus Mo blir dagleg leiar i Sogndal Fotball inntil vidare. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Omdømeleiar skal snu Sogndal-skuta: – Oppriktig lei meg då Terje Rognsø reiste

Rasmus Mo får ansvaret for å snu den sviktande økonomien i klubben.

Sogndal: Omdømesjef Rasmus Mo vert konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball etter Terje Rognsø si overraskande avskjed måndag.

– Han har vore eit friskt pust, og lært oss mykje. Han hadde ein annan kultur med seg og eg trur det var sunt for oss å oppleva eit lite vepsastikk, seier Mo om mannen han erstattar.

– Eg blei oppriktig lei meg då Terje Rognsø reiste i dag, seier han.

Rasmus Mo aldri ifølgje seg sjølv aldri sparka fotball, men alltid vore glad i klubben. I 1988 byrja han som frivillig, på lønningslista har han vore sidan 2007, først som marknadssjef, sidan som omdømeleiar.

– Eg føler eg har eit ansvar for å ausa vatn no. Det er som eg seier til spelarane, de er sønene mine, og organisasjonen her er familien min, seier Mo.

Usemje om tempoet på kuttprosess

Det er gått rundt tjue dagar sidan Rognsø fortalte til Sogn Avis at klubben i år må kutta seks millionar kroner. Årsakene er mindre pengar frå sponsorar og media etter to år i OBOS-ligaen.

Mo fortel at Rognsø ønskte meir drastiske kutt enn det styret ville gå med på.

– Me må redusera på talet tilsette, det er det ikkje tvil om, men det var litt usemje om tempoet på den framdrifta, seier Mo.

Frå 2012 til 2018 har klubben gått frå 26 til 44 heiltidstilsette, medan lønsutgiftene har auka frå 16,3 til 27 millionar. Inntektene har auka frå 40 til 52 millionar kroner i same periode.

Det er ikkje berre økonomisk at Sogndal møter motvind. Fire poeng på fire kampar i seriestarten betyr at det allereie spøker for opprykksambisjonane. 

– Me kjem oss gjennom dette óg, men det er klart det er tøft. Det er viktig at Sogndal har ein posisjon i norsk toppfotball, og det meiner me oss kompetente til, seier Mo.

Leitar ikkje etter fast sjef

Førebels har ikkje klubben planar om å finna ein permanent erstattar for Rognsø.

– Vårt fokus no er å køyra omstruktureringsprosessane me er inne i. Dei vil Rasmus leia. Kva løysing det blir på lang sikt får me ta etter kvart, seier seier styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball.

– Kva har det kosta klubben å avslutta med Rognsø før tida?

– Det blir feil å seia noko om, det er ei personalsak, seier Ness.

Rasmus Mo seier han sjølv gav styret råd om å ikkje køyra på med ein ny rekrutteringsprosess med det same.

– Eg har ikkje mandat til å leggja slike føringar, men det er mi meining. Me må ha ro til å gjera jobben me har føre oss. Viss ikkje eg er den rette mannen, så går det godt å seia det til meg, seier Mo.

– Du er konstituert på ubestemt tid?

– Du kan kanskje seia det slik, seier Mo.

Til toppen