SJEF: Tor Erik Sveen er ny dagleg leiar i HMR Hydeq.
SJEF: Tor Erik Sveen er ny dagleg leiar i HMR Hydeq. (Foto: Synne Asheim Haga)

Han tek over sjefsstolen i HMR Hydeq

Forgjengaren gav seg etter halvanna år, men styreleiaren seier bytet er udramatisk.

Årdal: Tor Erik Sveen er ny dagleg leiar i HMR Hydeq, etter å ha hatt ansvaret på midlertidig basis nokre veker. Årdølen har jobba i verksemda i over 10 år, sist som salssjef.

– Det blir sikkert utfordrande, men eg hadde ikkje gjort det om eg ikkje hadde trudd det skulle gå bra. Sidan eg har jobba lenge i selskapet, så kjenner eg både drifta og kundar godt, seier Sveen.

Med nesten nitti tilsette og 150 millionar i omsetning i 2017, er HMR Hydeq blant dei ti største verksemdene i Indre Sogn. Årdalsbedrifta leverer spesialkøyretøy og maskiner som dei har utvikla til aluminiumsindustrien.

Les óg: Industriverksemda i Årdal rustar seg for vekst

Styreleiaren: – Ingen dramatikk

Tor Arne Litlere blei dagleg leiar i november 2017, men valde sjølv å seia opp etter halvanna år. Litlere var ikkje tilgjengeleg på telefon fredag kveld.

– Det er ingen dramatikk i dette, seier styreleiar Knut Prestnes.

Han karakteriserer Litlere som ein dyktig fagmann, som har gjort ein viktig jobb, spesielt innan teknologiutvikling. Slik styreleiaren oppfattar valet om å slutta, handlar det mest om at Litlere følte han ikkje fekk nytta evnene fullt ut i den daglege for drifta og med personalansvar.

– Han kom ikkje frå ei dagleg leiar-rolle, men hadde teknologisk bakgrunn og mykje fagkunnskap. Der har han bidrege stort i å vidareutvikla det me driv med, seier Prestnes.

Forventar travel haust

Sjølv om Litlere forlet sjefsstolen, betyr det ikkje at han sluttar i verksemda.

– Me i styret er veldig glade for at han vil stilla kompetansen sin til rådvelde óg i framtida. Me skal nok finna gode oppgåver til han, seier styreleiaren, som er glad for at dei har funne ein erstattar blant eigne rekker.

– Han er årdøl og ei solid klippe, og me trur han har det som skal til for å ta dette selskapet vidare, seier styreleiaren.

Verksemda gjekk i minus i 2017, men snudde til pluss igjen i 2018. Nyesjefen forventar ein travel haust.

 – Bedrifta går bra, og oppdragsmengda er stor. Me fekk mellom anna ein kontrakt på å levera tappevogner til Hydro. Det blir hektisk framover, og utfordringa kan fort bli å få tak i nok folk til å utføra oppdraga, seier Sveen.

Til toppen