NY JOBB: Frank Eldegard blir sjef for Gamleskulen.
NY JOBB: Frank Eldegard blir sjef for Gamleskulen. (Foto: Privat)

Han tek over som dagleg leiar for Gamleskulen

– Det viktigaste for meg blir å prøva å opprettholda alt det gode Steinar har skapt der.

Årdal: – Det blir ei ny og spanande utfordring, seier Frank Eldegard.

Det har vore klart ei stund, men no er det offisielt. Tindeveg-sjefen tek over som dagleg leiar for Gamleskulen og Frivilligsentralen i Årdal etter Steinar Drægni, som går av med pensjon.

Då jobben vart lyst ut i mars melde tjue søkarar interesse.

– Det viktigaste for meg blir å prøva å opprettholda alt det gode Steinar har skapt der, så får eg prøve å gjera det på min måte, eg skal ikkje prøva å etterlikna nokon, seier Eldegard.

Hintar om nye konsept

Han tykkjer det er ei stor tillitserklæring å få jobben.

– Eg har sjølvsagt respekt for utfordringa det er å ta over etter Steinar, men håpar å ha dei kvalitetane tilsettingsgruppa har sett etter. Eg har etter kvart fått god oversikt over aktiviteten i det lokale næringslivet, lag og organisasjonar, noko som og vil komma godt med, seier han.

Han vart lokka av dei mange spanande oppgåvene på huset, som driv både brukthandel og hjelper folk i jobb i samarbeid med NAV.

– Så får me sjå om me kan finna på nokon nye ting etterkvart òg, seier Eldegard.

Store sko å fylla

Eldegard har jobba med arrangement og reiseliv i Årdal i vel 20 år, driv selskapet Kjelde og er dagleg leiar og styreleiar for Tindevegen. 

Kva rolle han vil ha i styringa av fjellvegen framover er ikkje avgjort. Onsdag er det nemleg årsmøte i samvirket.

– Men eg kjem nok framleis til å vera involvert, seier han.

Det som uansett er sikkert, er at han vil få ein stor jobb med å fylla skoa til mannen han tek over for i den nye jobben. På berre eit par år etter oppstarten i 2014 har Gamleskulen blitt ein institusjon i bygda.

I august skal Drægni og Eldegard jobba saman i ein overlappingsperiode, før førstnemnde går ut i pensjon i slutten av månaden.

– Eg ser fram til å byrja, seier Eldegard. 

Til toppen