NØKTERN OPTIMIST: Fjøratrenar Håvard Hatle trur dei har sjanse til å halde plassen i Regionligaen neste år. – Eg er ikkje uroa for at vi skal bli ein kasteball, seier han.
NØKTERN OPTIMIST: Fjøratrenar Håvard Hatle trur dei har sjanse til å halde plassen i Regionligaen neste år. – Eg er ikkje uroa for at vi skal bli ein kasteball, seier han.

Han trenar Norges minste lag, men fryktar ikkje bank frå dei store

Fjøra er den store «underdogen» i neste års Regionliga. Det passar trenaren perfekt.

Sogndal: Fjøra var det dårlegast plasserte laget i fjorårets 3. divisjon som fekk bli med over i den nye Regionligaen.

Då seier det seg sjølv at ein tøff kvardag møter dei neste sesong, når lag som Brann 2, Fyllingsdalen og Førde står på motsett banehalvdel.

– Som i fjor er det ingen som reknar med oss, men det passar oss perfekt. Viss vi greier å utvikle klubben vidare og samstundes får nokre forsterkingar, så er eg ikkje uroa for at vi skal bli ein kasteball, seier trenar Håvard Hatle.

Les også: Fjøra berga plassen

JUBELSESONG: Her jublar Fjøra for målet som sikra dei ny kontrakt i neste års oppgraderte versjon av 3. divisjon. Neste sesong blir det ikkje noko mindre oppgåve å berge plassen.
JUBELSESONG: Her jublar Fjøra for målet som sikra dei ny kontrakt i neste års oppgraderte versjon av 3. divisjon. Neste sesong blir det ikkje noko mindre oppgåve å berge plassen.

Opptur utan ende

For to år sidan var Fjøra i fjerdedivisjon. Leiinga i klubben tok grep, spissa den lokale profilen og sette eit langsiktig mål om å vere i toppen av det du no kan kalle gamle tredjedivisjon.

Det enda med opprykk på direkten. Den påfølgande sesongen svara dei altså med å bli blant dei fem beste i avdelinga, noko dei færraste hadde trudd var mogleg.

– Vi føler sjølve det er eit nytt opprykk. At vi greidde det første året var veldig imponerande av spelargruppa og alle rundt klubben som har gjort dette mogleg, seier Hatle.

Les også: Fjøra og Førde hamna i same avdeling 

Einaste skår i gleda var at ikkje fleire lag frå fylket greidde det same. Førde og Fjøra er dei to einaste representantane frå Sogn og Fjordane i ein divisjon som tel 84 lag. 

– Vi skulle gjerne hatt med oss Årdal og Stryn der oppe, men slik vart det ikkje, konstanterer Hatle.

Må ut på spelarmarknaden

No startar arbeidet med å trasse oddsen nok ein gong. Målet er å uvikle klubben vidare og etablere seg i divisjonen. Då gjeld det å gjere alt litt betre enn før. Treningsopplegg, fasilitetar og alt rundt klubben må opp minst eitt hakk.

PÅ BLOKKA: Fjøra har mange talentfulle unggutar, men stallen er liten og nivået har aldri vore høgare. Truls Hovland kan vere ei aktuell forsterking.
PÅ BLOKKA: Fjøra har mange talentfulle unggutar, men stallen er liten og nivået har aldri vore høgare. Truls Hovland kan vere ei aktuell forsterking.

Og ikkje minst, nye spelarar må inn.

– Når du rykker opp må du stikke fingeren i jorda. Vi òg innser at vi treng forsterkingar. Dei vil vi først og fremst finne lokalt, seier Hatle.

I går vart det klart at Førde hentar Ruben Holsæter frå Sogndal. Slike forsterkingar er ikkje lette å matche. Men Hatle nemner i allefall èin lyslygg lenger inne i fjorden som kunne passe inn i profilen.

– Det er naturleg å sjå om det er nokon i Årdal som har lyst å prøve seg på dette nivået, men dei må ha ambisjonar sjølve. Det er ikkje verre enn at eg kan snakke med han Øy om det er spelarar som har lyst til det. Vi har ikkje kome så langt enno, men det hadde ikkje vore feil med ein Truls Hovland, slik sett. Men då må han ha lyst sjølv, seier Hatle.

Skal vere utstillingsvindu

Han stadfester at dei har samtalar med fleire andre spelarar, men at det er for tidleg å offentleggjere noko enno. Ein ting som uansett aldri blir aktuelt er å starte å løne spelarar for å tiltrekkje seg talent.

– Dei som kjem inn til Fjøra skal komme hit fordi dei har lyst vidare og fordi vi kan vere eit utstillingsvindu. Spelarar som er ute etter pengar er vi ikkje interesserte i. Slike kan reise til Bergen eller Sunnmøre, eller kor det måtte passe, seier Hatle.

Sesongoppkøyringa byrjar i januar, medan første seriekamp normalt blir spelt tidleg i april. Slik sett er det nok av tid. Men uansett kva dei skulle greie å klekke ut av slue planar, blir nok Fjøra å finne nedst på tabellen til dei fleste som likar å spå slike.

Men som Fjøra har bevist dei siste to sesongane: å vere underdog er ikkje nødvendigvis ein bakdel.

– Utviklar vi klubben og får nokre forsterkingar, så satsar vi på at det held til å vere i Regionligaen òg i 2018, seier Hatle.

Her er laga i fjerde avdeling av Regionligaen 2017

Lag Fylke Divisjon 2016 Plassering
Aalesund 2 Møre og Romsdal 3. divisjon, avd. 8 4. plass
Brann 2 Hordaland 3. divisjon, avd. 7 1. plass
Brattvåg Møre og Romsdal 2. divisjon, avd. 2 9. plass
Fjøra Sogn og Fjordane 3. divisjon, avd. 8 5. plass
FK Haugesund 2 Rogaland 3. divisjon, avd. 6 5. plass
Førde Sogn og Fjordane 3. divisjon, avd. 3 14. plass
Fyllingsdalen Hordaland 2. divisjon, avd. 3 8. plass
Herd Møre og Romsdal 3. divisjon, avd. 8 1. plass
Lysekloster Hordaland 2. divisjon, avd. 3 9. plass
Os Hordaland 3. divisjon, avd. 7 4. plass
Sotra Hordaland 3. divisjon, avd. 7 2. plass
Spjelkavik Møre og Romsdal 3. divisjon, avd. 8 2. plass
Stord Hordaland 2. divisjon, avd 3 12. plass
Varegg Hordaland 3. divisjon, avd. 7 3. plass
Til toppen