GOD SAK: Narve Opheim samlar inn pengar til Movember-kampanjen som har sin siste dag i dag, men i staden for å gi pengar til barten, ber han heller folk om å støtte eit arrangement han vil lage til for saka. Foto: Privat. 
GOD SAK: Narve Opheim samlar inn pengar til Movember-kampanjen som har sin siste dag i dag, men i staden for å gi pengar til barten, ber han heller folk om å støtte eit arrangement han vil lage til for saka. Foto: Privat. 

Han utfordrar magemusklane dine for ei god sak

På den siste Movember-dagen utfordrar Narve Opheim til ein styrketest magemusklane dine seint vil gløyme.

Årdal: Du har kanskje sett at uvanleg mange menn går med bart for tida. Forklaringa er god. Barten er eit symbol på at dei støttar menn over heile verda som har fått testikkelkreft, prostatakreft, som slit med psykisk helse og går med tankar om sjølvmord.

Movember, som kampanjen heiter, er ein internasjonal kampanje der menn let barten gro gjennom heile november månad. Narve Opheim frå Årdal har sjølv hatt prostatakreft og er med på kampanjen. 

Kvart år han har delteke, har han gitt 500 kroner til Movember, og det fungerer slik at også du kan støtte barten hans og dermed kampanjen via profilen hans

– Dette handlar om helsa til menn, og særleg dette med prostatakreft og psykisk helse. Sidan dette vart starta i 2003 har dei samla inn 542 millionar Euro som går til forskingsprosjekt. 

– Eg byrja å engasjere meg litt i fjor og har donert til meg sjølv og saka. Eg håpar også fleire vil gi eit bidrag til saka. 

Men i staden for å gi til barten til Opheim, ber han deg heller om å gi til eit arrangement han håpar å få i stand i løpet av dagen eller morgondagen. Fysisk aktivitet er nemleg ein viktig del av kvardagen hans. 

– Difor har eg laga eit sjølvkomponert mageprogram med tre øvingar med fem sett. Det heile vil vare i rundt 20 minutt, og dei som deltek skal bu og jobba i Årdal eller vera tilknytt eit lag eller ein organisasjon her, fortel han.

– Så i staden for ein bart, lagar eg heller dette arrangementet på den siste dagen. Eg tek 2500 kroner av mi eiga lomme og deler det ut som premie til den som klarar programmet. Eg skal sjølvsagt delta sjølv også, seier han. 

Ein treng ikkje noko utstyr, berre sterke magemusklar. Men han treng eit lokale.

– Eg håpar nokon som les dette, kan ta kontakt og låne ut eit lokale ein halvtimes tid til ei god sak.

Til toppen