BORTEKAMP: Team Bortekamp starta som eit oldboys-lag spekka av tidlegare stjerner som John Arne Riise og Steffen Iversen. No kan Hopen bli midtpunktet i ein TV-serie med same namn.
BORTEKAMP: Team Bortekamp starta som eit oldboys-lag spekka av tidlegare stjerner som John Arne Riise og Steffen Iversen. No kan Hopen bli midtpunktet i ein TV-serie med same namn. (Foto: Pressefoto)

Han vann ein million på nettspel i ein klassetime. Så starta nedturen

No kan tidlegare Sogndal-spelar Ørjan Hopen (26)  sin kamp tilbake til toppen av norsk fotball bli TV-serie.

Sogndal: Han var sett på som eit stort fotballtalent, men sidan pengespel tok kontrollen over livet har det berre gått nedover med karriera.

Gjennom prosjektet Bortekamp, og med ein tidlegare toppdommar i teamet, er målet at TV-sjåarane skal få følgja Hopen på vegen tilbake til spel i Eliteserien i 2019.

– Det er lenge sidan eg spelte på topp, og eg saknar det meir og meir. Det er ei sabla utfordring, men eg blir trigga av det, seier Hopen.

GLAD GUTT: Etter nokre tunge år er optimismen tilbake hos Ørjan Hopen (26). Foto: Pressefoto

Millionsmellen

Han er 18 år og går nest siste året på vidaregåande. Det er dobbeltime i norsk, men Ørjan Hopen har merksemda ein heilt annan plass.

– Dansk diktanalyse var ikkje det som interesserte meg mest, vedgår Hopen.

Bakerst i klasserommet jagar han i staden jackpotten på eit nettcasino, medan han håpar at læraren ikkje skal oppdaga det.

Han har gambla sidan han var åtte år gamal, vore hekta sidan han var tretten. Men dei neste minutta skal overgå alt han har vore borti. Ved ein feil satsar han to hundre euro på eitt spinn.

Nøyaktig kva som skjer vidare hugsar han ikkje. Men når klassetimen er over er han ein million kroner rikare.

– Det var kanskje då det bikka skikkeleg over for meg, og med summane eg satsa. Det er slike ting som gjer at du bit på, at du heile tida trur at noko liknande ventar rundt neste sving, seier Hopen.

Ein del av pengane gjekk til å betala ned gjeld frå tidlegare tap. Kva som skjedde med resten vil han ikkje avsløra så mykje om. Historia frå vidaregåande dannar nemleg utgangspunktet for eit føredrag Hopen håpar å bruka til å hjelpa andre med gamblingproblem.

– Eg held ikkje propagandaføredrag, men viss eg kan bidra til at folk reflekterar litt over det eg sier, og får dei til til å passa på litt sjølv, så har eg gjort mitt, seier Hopen

DEN GONG DÅ: Her feirar Ørjan Hopen sigeren mot Brann i 2011 etter å ha scora kampens einaste mål. Foto: Arkiv

Tabba seg ut for heile Norge

Viss milliongevinsten i klasserommet var høgdepunktet i gamblingkarriera, kom botnpunktet nokre år seinare.

Nærare bestemt i mars 2017. Den tidlegare sogndalprofilen måtte innrømma å ha lurt fleire personar til å kjøpe Premier League-billettar dei aldri fekk.

Hopen sjølv la seg flat på Facebook og lova å rydda opp. I mellomtida hadde aviser over heile landet hoppa på historia. 

– Det er det desiderte botnpunktet, ja, seier Hopen.

Han føler mykje av det som kom fram ikkje stemmer. Til dømes nektar han for å ha forfalska billettar. Men Hopen valde å ikkje kommentera påstandane.

– Eg hadde ingenting å tena på å diskutera det som skjedde i media. På den tida var såpass mange irriterte på meg, at eg berre hadde fått det rett i ræva igjen, seier Hopen.

Han har lært seg å leva med at det blir skrive om han, både positivt og negativt. Men det var likevel tøft å vera på forsidene av landets største aviser, samstundes som han skulle ordna opp i si livs største floke.

– Det er ikkje noko artig, du skammar deg jo. Det var ikkje om å gjera å finna eit travelt kryss å stå i dagen derpå, for å seia det slik, seier Hopen.

BRA GJENG: Tidlegare toppdommar Per Ivar Staberg, Ørjan Hopen og Lars Erik Saltrø Nilssen utgjer Team Bortekamp. Foto: Pressefoto

Frå landslaget til fjerdedivisjon

Ørjan Hopen var sett på som eit stort talent i Sogndal, berykta for sin gode frisparkfot. Frå 2009 til 2014 spelte han 68 kampar for moderklubben.

Òg på u-landslaga var han lenge fast inventar, saman med spelarar som Markus Henriksen, Fredrik Haugen, Gustav Valsvik, Yan-Erik de Lanlay, Mushaga Bakenga, Etzaz Hussain, Valon Berisha og Ruben Gabrielsen.

Nitten år gamal hadde Hopen skåra 10 mål på 36 landslagskampar.

Etter Sogndal gjekk turen til Bryne, så Nest Sotra, Levanger og Skeid. I 2018 la han opp, men returnerte ikkje lenge etter til den grøne matta og spel for Akershus-klubben FUVO i fjerdedivisjon. På 17 kampar har han skåra ni mål. Alle på frispark, sjølvsagt. 

Då Porten.no ringer har han nettopp vore på ei knallhard treningsøkt.

– Det går stort sett i trening mat og søvn. Det som er artig med dette her, at eg har fått sjansen til å prøva ein siste gong, seier Hopen.

For no satsar han så hardt som han nokon gong har gjort i karriera.

Hopen har ikkje gløymt gamle kunster, noko denne YouTube-videoen viser.

Vegen tilbake

Prosjekt Bortekamp har som mål om å forvandla Hopen frå ein hobbyspelar til elitenivå. Sidan starten av september har han blitt følgt av eit lite TV-team, og håpet er at resultatet blir å sjå på skjermane om ikkje altfor lenge.

– Det hadde vore jævla artig om me fekk til, seier Hopen.

Per Ivar Staberg var dommar då Hopen var på toppen av karriera. No er trønderen sentral i teamet som skal hjelpa talentet frå Sogn tilbake dit han høyrer heime.

– Eg kjent han sidan han slo gjennom. Etter at han kom til Levanger, vart me veldig godt kjende, seier Staberg.

Han seier dei forhandlar med TV-selskap om å få laga ein serie om forvandlinga, og har  «ei veldig god kjensle» på at dei skal få det til.

– Me lever i eit samfunn der det omtrent ikkje er lov å mislukkast, alle skal vera så perfekte. Men det er bestandig ein sjanse til å koma tilbake. Det er den historia eg synest var interessant for fleire enn berre dei som ser på fotball, seier Staberg.

Om disippelen har han berre godord å seia. 

– Først dei siste par åra har eg forstått omfanget av utfordringane han har slite med. Det er synd at det har øydelagt så mykje for han så langt, seier Staberg.

Trur han taklar nivået

Hopen har blitt innlosjert på ein gard rett utanfor Trondheim. Her skal eit handplukka team gje han tett oppfølging.

Personleg trenar er Ronny Fevåg, verdsmeistar i vektløfting og fysisk trenar hos Ranheim. Tidlegare proff og landslagsspelar André Bergdølmo er henta inn som mentor og muskelterapeut, medan NTNU-professor Ulrik Wisløf er testansvarleg.

– Det er ein todelt jobb. Det eine er å støtta opp rundt han og få han fri frå hangen til å spela, og dernest få han til å prestera godt nok til å spela i toppen igjen. Han har trent på hobbyplan i eit par år, men han er blodig seriøs og viser allereie stor framgang, seier Staberg.

Så snart sesongen i 4. divisjon er over er målet å få Hopen inn i ein klubb på eit så høgt nivå som mogleg. At neste stopp blir Fosshaugane ser han på som usannsynleg.

– Eg satsar på Eliteserien. Det ser ikkje ut som Sogndal ligg så godt an til å greia det førebels, seier Hopen. 

Han trur sjølv han kan lukkast, så lenge han held seg skadefri.

– Det er ikkje slikt eg skal seia for høgt, kanskje, men dei er ikkje så forbanna gode dei som spelar i eliteserien der. Eg veit kva nivået er. Det er ein stor jobb, men eg trur ikkje det er umogleg, seier Hopen, før han legg til:

– Det kan hende eg tek feil òg, i såfall er det eit positivt teikn for norsk fotball. Så lenge eg har gjort alt eg kan for å klara det, så er eg nøgd, seier Hopen.

Ein dobbel kamp

Sist gang han gambla var i januar 2018. Spelesuget prøver han å halda i sjakk ved å tenka på konsekvensane av vala tek.

– Det har eg ikkje gjort før, vedgår Hopen.

Når han gamblar hamnar han inn i ei eiga boble. Ingenting anna eksisterer.

– Det er litt som ein rusmisbrukar vil eg tru, at du heile tida må setta neste spel for å få det kicket. Det er vanskeleg for meg å skildra, eg reflekterer aldri over det der og då, når det skjer. Då er konsekvenstenkinga lik null, seier Hopen.

Det er mange som heiar på han. Det merkar han på responsen frå folk som har fått nyss om prosjektet. Det gir han ekstra motivasjon til å returnera til toppfotballen.

Og til å halda seg unna pengespel.

– Når folk spør meg, «er du blitt frisk»... slikt kan du ikkje svara på. For du blir ikkje frisk 22. mars 2018. Men eg har betre forutsetningar no enn nokon gong, seier Hopen.

Til toppen