ÅRETS ÅRDØL: Steinar Drægni fekk torsdag utdelt prisen «Årets årdøl». Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ÅRETS ÅRDØL: Steinar Drægni fekk torsdag utdelt prisen «Årets årdøl». Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han var «Årets årdøl» for arbeidet han gjer på Gamleskulen

Steinar Drægni fekk torsdag prisen som «Årets årdøl».

– Eg blei veldig overraska då ordføraren sat på kontoret mitt den dagen og venta på meg. Eg har aldri jobba så mykje og hatt det så moro som no, seier han.

Drægni er primus motor for dei tre F-ane friskliv, frivilligheit og folkehelse ved Gamleskulen brukthandel og aktivitetssenter som vart oppretta i 2014. 

Målet med prosjektet var å få til betre samhandling mellom tenesteområda ved salokalisering i Gamleskulen, og slik etablere eit helsefremjande tilbod i eit inkluderande miljø. 

Torsdag fekk han det synlege beviset på at han er «Årets årdøl» frå ordførar Arild Ingar Lægreid. 

– Saman med frivillige gjer han ein formidabel jobb med ungdomar og vaksne som har falle utanfor eller er arbeidsledige. Dei blir oppmuntra i eit meiningsfullt arbeidsfellesskap der godt vaksne folk er samtalepartnerar og stiller krav. Dagane vert meiningsfulle og skapar vilkår for vekst og utvikling, sa ordføraren i grunngjevinga.

Sjølv er Drægni stolt over det dei har fått til på Gamleskulen.

– Me har klart å gå til ein aktivitetsbase som gjer god nytte for seg. Eg er heldig som får vere med og byggje dette. Samstundes er det sannsynlegvis nokon som aldri kjem tilbake i arbeid, og dei har ein stad og gå, og me heiar på dei. Dette er mykje meir enn å selja gamle ting, seier Drægni. 

– I tillegg tek me vare på bygget som eg ikkje hadde noko forhold til før. No kjenner eg kvar krik og krok. Det har vore ei fantastisk reise som eg håpar å vere med på ei studn til.

Til toppen