STOR NYHEIT: Dirigent i Årdalstangen Musikklag, Oddgeir Øren, hadde store problem med å halde tårene tilbake då han slapp ei gladeleg korpsnyheit tysdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STOR NYHEIT: Dirigent i Årdalstangen Musikklag, Oddgeir Øren, hadde store problem med å halde tårene tilbake då han slapp ei gladeleg korpsnyheit tysdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han var heilt på gråten då han fortalte den flotte korpsnyheita

Oddgeir Øren hadde store problem med å halde tårene tilbake då han skulle dele ei fantastisk nyheit for alle korpsinteresserte.

Årdalstangen: Då Årdalstangen Musikklag inviterte til julegodt i Årdal kyrkje tysdag kveld, hadde dei ei gledeleg nyheit å kome med. 

– I og med at kulturskulen ikkje hadde ressursar til å driva med messingundervisning på Tangen skule, der rektoren er heilt sprengt og ikkje har meir tid, så måtte me tenka nytt. Gjennom samarbeidet med Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Viggo Bjørge har me kome fram til ei løysing der Ben Hirons kjem til Årdal for å undervise, fortel Oddgeir Øren.

Ben Hirons kjem frå Manchester har mastergrad i trompet frå Royal Conservatoire of Scotland. Han har spelt mykje med dei store skotske symfoniorkestra ei lang rekke med godt kjende brassband. 

Stolt

Tidlegare på dagen var musikklaget i møte med Årdal kommune, og trass stramme rammer, vil dei hjelpe til ved å tilsette han i ei prosjektstilling i kulturskulen. Dermed er det kommunen som blir hans arbeidsgivar. Frå 11. januar vil Hirons kome til Årdal måndag og tysdag og undervise i messinginstrument på Tangen skule.

Artikkelen held fram under biletet.

UNDERVISE: Ben Hirons har master i trompet, noko han verkeleg synte for dei frammøtte på julekonserten. Etter nyttår kjem til Årdal jamnleg for å undervise på Tangen skule.
UNDERVISE: Ben Hirons har master i trompet, noko han verkeleg synte for dei frammøtte på julekonserten. Etter nyttår kjem til Årdal jamnleg for å undervise på Tangen skule.

– Eg blir så rørt. Eg er stolt, seier Øren. 

– Me var i 3. og 4. klasse måndag, og han har ein unik evne til å fanga dei 50 ungane som sit der som skulelus og får dei aktive og med. Eg har drive med dette i mange år, men eg har ikkje greidd det på same måte, legg han til. 

Utfordring med rekruttering

Viggo Bjørgen, som er nestleiar Eikanger-Bjørsvik Musikklag, har vore mykje til Årdal dei siste to åra som vegleiar. Han konstaterer at korpsmiljøa går i bølgjedalar, men då er det viktig at dei store hjelper dei som har utfordringar. 

– Slik har me tenkt i ei årrekke. Me er så heldige at me kjem frå ein region med mange skulekorps, og det er viktig at andre miljø også får oppleve det same, seier han. 

– Når Ben er hr, vil han vere med og starte opp prosjekt med instruksjon på alle instrumenttypar på Tangen skule. At det kan vera ein måte å sikra Årdalstangen Musikklag på sikt, er eg overbevist om og glad for.

– Avgjerande for musikklaget

Wenche Hals Kulset, leiar i musikklaget, peikar på nettopp rekruttering som ei utfordring for musikklaget, og sjølv om dei har prøvd mange ulike måtar å få unge til å byrje med korps, har det vore tøft.

Artikkelen held fram under biletet.

UNG DIRIGENT: Rekruttering er ei utfordring for korpsmiljøa rundt om i landet. 19 år gamle Hilde Horpen dirigerer Årdalstangen Musikklag.
UNG DIRIGENT: Rekruttering er ei utfordring for korpsmiljøa rundt om i landet. 19 år gamle Hilde Horpen dirigerer Årdalstangen Musikklag.

– Noko av utfordringa er instruktørressursar, og du kjem ikkje utanom at du må leggje det opp i skuletida, og då har dei fleste vaksne som driv med korps anna jobb. I tillegg er forventningane til kvaliteten på lærarane auka, og me har ikkje dei ressursane i eigne rekker. 

– Det å bruka andre kanalar og få gode lærarressursar til Årdal, trur me er den rette jobben å gjera, og så vil framtida vise kor mange som vil vera med. Me håpar me har ei gruppe allereie på nyåret. Å få dette på plass er avgjerande for framtida til korpset på Årdalstangen. Me håpar me får eit skulekorps på beina på Årdalstangen, seier ho. 

Ung dirigent

Noko rekruttering har det vore, og det viste seg på julekonserten tysdag. Dirigenten er nemleg ikkje meir enn 19 år gamal og heiter Hilde Horpen.

– Det er heilt flott. Det er slikt eg blir rørt av. Hilde byrja i korpset då Farnes skulemusikk mangla dirigent. Me er eit generasjonskorps, og ho kom inn så stille og forsiktig. Skulle eg ha gjetta på at ho skulle dirigere oss nokre år seinare, hadde eg aldri gjort. Ho har hatt ei fantastisk utvikling, seier Kulset. 

Til toppen