INVOLVERTE: Midtstopparparet Kjetil Wæhler (i front) og Per Magnus Steiring var involverte i det meste både framover og bakover i møtet med Brann laurdag.

INVOLVERTE: Midtstopparparet Kjetil Wæhler (i front) og Per Magnus Steiring var involverte i det meste både framover og bakover i møtet med Brann laurdag. (Bilde: Arkiv)

Sjekk høgdepunkta

- Me slepp inn to heilt unødvendige mål, så det var skuffande

Per Magnus Steiring gjorde mykje ut av seg i kampen mot Brann. Sjå høgdepunkta frå kampen her!

Bergen: Brann - Sogndal: 2-1

- Eit surt tap; me slepp inn to mål som er heilt unødvendig å sleppa inn. Og det er veldig synd, i staden for å koma i flytsona - som me var i ferd med å gjera - slepp me inn enno eit dumt mål i starten av andre omgang. Så det er skuffande, seier sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, til Porten.no.

Det starta på verst tenkjeleg vis på Brann stadion - Kjetil Wæhler heada eit langt oppspel frå dei raudkledde rett i vêret, så skulle Steiring berre måka ballen unna, men han bomma på ballen, og der stod Deyver Vega. Han trilla ballen forbi ein sjanselaus Mathias Dyngeland. 1-0 til Brann.

Sjå høgdepunkta i videoen under:

- Kjipt

- Eg har god tid og skal berre klarera unna. Men det er sleipt utpå her, og det og ein venstrefot er ingen god kombinasjon. Så det var slik det vart. Ein må stå for det ein har gjort. Det er kjipt, men ein må veksa på det etter kvart., seier Steiring sjølv til Eurosport Norge

Men Sogndal tok meir og meir over spelet i 1. omgang og etter 24 minuttar heada Steiring eit innlegg vakkert til Eirik Schulze som relativt enkelt kunne ekspedera inn utlikninga med pannebrasken.

Sogndal var fleire gonger farleg frampå på tampen av 1. omgang, og fekk også eitt mål annulert - kven andre enn Steiring stod i offside.

I 2. omgang starta Brann friskast og etter 50 minuttar "trefte" ballen Kristoffer Barmen etter eit innlegg så den trilla i mål. Kven var nærast Barmen - jau, det er riktig; Steiring, som  vart på etterskot. Utan at han kan seiast å ha skulda for målet i same grad som det første.

Kampen bølgja litt att og fram og Kjetil Wæhler var svært nære utlikning på ei heading midt i 2. omgang, men Brann sin sisteskanske Piotr Leciejewski varta opp med ein sterk beinparade. Dermed enda det 2-1 i Bergen.

- Det er ingen god kamp frå nokre av laga, men dei skapar ikkje noko, dei heller. Game plan sat eigentleg, det er enkeltsituasjonar som avgjer i dag, oppsummerer Flo.

- Det er ein olboge som ikkje skal vera der

Sogndal ligg på 13. plass og har fire poeng ned til Kristiansund på kvallikplass, fem poeng ned til Tromsø på direkte nedrykksplass. Og då har førstnemnde ein kamp mindre spelt enn sogndølene, sistnemnde to kampar mindre spelt.

- Det er berre å nullstilla - koma heim , trena og jobba hardt vidare. Det kjem fleire kampar, så får me telja opp til slutt. Det er kvardagen som blir viktig framover, seier Flo.

På tampen av 1. omgang ropte bortetribuna på raudt kort då brannkaptein Vito Wormgoor planta ein olboge i halspartiet til Martin Ramsland - langt unna ballen og spelet.

Sogndaltrenar Eirik Bakke plar ikkje kvi seg for å kritisera dommaren - men denne gongen framstad han svært så diplomatisk overfor Eurosport Norge:

- Det er ein olboge som ikkje skal vera der, men såpass må me tola, var hans knappe kommentar til situasjonen

Til toppen