FØRSTEMANN TIL TOPPEN: Harald Solhaugnæss var raskaste deltakar opp til Vatnahalsen hotell i det som var tidenes første utgåve av Flåmsdalenløpet. 
FØRSTEMANN TIL TOPPEN: Harald Solhaugnæss var raskaste deltakar opp til Vatnahalsen hotell i det som var tidenes første utgåve av Flåmsdalenløpet. 

Han var raskast opp i tidenes første utgåve av Flåmsdalenløpet

Arrangøren fekk gode tilbakemeldingar på det ferske halvmaratonløpet frå Flåm til Vatnahalsen.

Flåm: Det er Nordic Ski Team og Aurland IL som startar det nye halvmaratonløpet på 21 kilometer. 47 påmelde forsøkte å bryne seg på dei 21 bratte hårnålsvingane opp til Vatnahalsen hotell laurdag. 40 av dei fullførte

– Me var heldige med vêret, og det verkar som at deltakarane var godt nøgde med begge arrangementa våre i dag, både halvmaratonløpet og Familierallar'n, seier løpsleiar Bjørn Sveum fra Nordic Ski Team til Porten.no.

820 meter skulle deltakarane stiga i halvmaratonet. På herresida var det Harald Solhaugnæss frå Oslo som klarte seg best. Han sprang i mål med tida 1.26.54. På kvinnesida var det Elisabeth Angermund-Vik frå Varegg Fleridrett som takla stigninga best. Ho sprang på 1.54.00. 

Artikkelen held fram under biletet.

RASKASTE KVINNE: Elisabeth Angermund-Vik frå Varegg Fleridrett var raskaste kvinne opp Flåmsdalenløpet. Sophie Dedekam Kryvi og Gro Jordalen kom på 2. og 3. plass.
RASKASTE KVINNE: Elisabeth Angermund-Vik frå Varegg Fleridrett var raskaste kvinne opp Flåmsdalenløpet. Sophie Dedekam Kryvi og Gro Jordalen kom på 2. og 3. plass.

Ambisjonar om årleg arrangement

Beste lokale i herreklassen var Pål Rørvik frå Sogndal IL med 1.45.41, noko som heldt til ein 4. plass. Torill Torsvik Ebne frå Aurland IL var beste lokale kvinne med tida 2.23.07, ein 6. plass.

Sjå topp tre for kvinne og menn i faktaboks.

– Me var veldig spente på førehand fordi det er første gongen me arrangerer. Det er ei krevjande løype der ein må ta omsyn til tryggleiken. Toget kryssar jo løypa, og så har ein all logistikken som skal på plass. Me hadde ingen mal å gå ut ifrå, men no har me gjort oss mange notat på kva som kan justerast. Ambisjonen er å gjere dette til eit årleg arrangement, seier Sveum.

Også Familierallar'n vart godt motteken av dei som ikkje var like freista til å springe heile vegen opp. Løpet har start frå Blomheller stasjon. Dette er ei kulturhistorisk vandring utan tid opp til Vatnahalsen. Undervegs var det postar med quiz for dei yngste.

– Me har fått gode tilbakemldingar på begge arrangementet. Folk seier dei vil koma tilbake og ta med seg fleire. Det er akkurat det me ønskjer, fortel Sveum.

Til toppen