SOLID: Sjølv om han slapp inn to langskot hadde Mathias Dyngeland ein god dag på jobben mot Viking. Fleire klasseredningar gjorde at Sogndal framleis var på skothald då dei endeleg sette inn sluttspurten minuttet før slutt. 
SOLID: Sjølv om han slapp inn to langskot hadde Mathias Dyngeland ein god dag på jobben mot Viking. Fleire klasseredningar gjorde at Sogndal framleis var på skothald då dei endeleg sette inn sluttspurten minuttet før slutt. 

Han varta opp med fleire feberredningar: –​ No er eg berre sur​

På ein tung kveld kunne Sogndal likevel fort ha stole med seg eitt poeng. Det kan dei takke keeper Dyngeland for, som stod fram då Viking køyrte kampen. 

Sogndal - Viking: 1-2 (0-1)

Sogndal kom til heimemøtet mot Viking som eitt av dei store formlaga i eliteserien. Men med ei nykomponert midtbane vart det aldri noko dreis over spelet.

Om det ikkje stemte framover på bana, var det i det minste ein kar heilt bakerst som hadde dagen. Keepertalentet Mathias Dyngeland (20) heldt laget inne i kampen med to-tre verkelege klasseredningar. Det gjorde at ei enkel redusering frå Otoo var nok til å sørge for spaning heilt til slutt.

Men når det likevel vart tap, er det vanskeleg for sisteskansen å glede seg over eigen prestasjon.    

–​ Akkurat no er eg berre sur og lei og irritert over at vi ikkje greier uavgjort. Vi er på heimebane og skal spele mykje betre enn vi gjer i dag. Sjølv om eg har nokre gode involveringar, så er det ikkje akkurat dei som står i hovudet på meg no, seier Dyngeland. 

Dei to måla irriterer han nesten like mykje som dei tapte poenga. Begge kom etter nokre skikkelege langskot. Det svir, sjølv om begge var av den vriene sorten.

– På den første så drar Viking-spelaren seg til sida og eg mistar ballen litt ut av syne. Så kjem skotet, som går via vår midtbanespelar, noko som gjer at eg ikkje greier å lese ballbana. Vanskeleg skot, men eg skal sjå på det etterpå, for det er irriterande å sleppe inn slike. Alt er mogleg å ta, seier Dyngeland.

Trenar Eirik Bakke er også nøgd med keeperjobben, på ein kveld der spelet ikkje fungerte som det brukar.

– Mathias har ei kjemperedning i første og ei i andre. Men det er difor han står i mål. Eg forventar at han tek dei skota. Så får me sjå om han kunne teke dei to andre òg, seier Bakke med eit lite glimt i auga.

– Det første skotet er vanskeleg og på det andre er han dekka. Så me har ikkje noko å seia på innsatsen til han i dag. Han er ein av elleve spelarar som må ha dagen. I dag var han ein av våre betre, så får dei andre løfta seg litt inn mot neste kamp mot Rosenborg, seier Bakke.

Til toppen