NY: Arne-Martin Kjærland gledar seg til å flytte til Høyanger og starte opp som fabrikksjef ved metallverket der.
NY: Arne-Martin Kjærland gledar seg til å flytte til Høyanger og starte opp som fabrikksjef ved metallverket der. (Foto: Hydro/Marius Motrøen)

Han vert ny fabrikksjef i Høyanger

Arne-Martin Kjærland kjem frå ein jobb som einingsleiar hos Hydro på Karmøy. Han gledar seg til å flytte til Høyanger og nye utfordringar på metallverket der.

Høyanger: – Metallverket i Høyanger er i Hydro-systemet kjent for å vere fremoverlent og er drive av flinke folk. Det er også inntrykket eg sit med. Det er eit sterkt leiarteam som har drive fabrikken godt i mange år der, seier Arne-Martin Kjærland som vert ny fabrikksjef ved Hydro Høyanger.

Norsk Hydro melder i ei pressemelding måndag at Kjærland er tilsett. Tidlegare fabrikksjef Stian Tangen gjekk over i ei ny rolle 1. september og har sidan leia Technology and Operational Support i Primærmetall.

Det er ikkje sett nokon dato for når Kjærland tek til i stillinga enno. 

– Vert spanande

Kjærland har jobba som einingsleiar for Hydro Karmøy i ti år i ei rekkje ulike roller. Han såg på jobben i Høyanger som ei moglegheit til å utvikle seg vidare. 

– Det vert nye utfordringar. Eg liker også Høyanger godt som stad. Eg har vore der nokre gongar tidlegare og det er ein fin plass. Det vert spanande å flytte dit, seier Kjærland. 

Inntrykket hans er at folk i Høyanger er opptekne av det som skjer og har eigarskap til verksemda. Det tykkjer han er positivt. 

Fokus på samarbeid

Kjærland er elles oppteken av at det vert eit godt samarbeidsmiljø på fabrikken med gode relasjonar. 

– Eg ønskjer å finne vegen vidare framover for fabrikken saman med dei tilsette og dei andre i leiarteamet. Eg gledar meg til å komme opp der og bli kjend med folk, seier Kjærland. 

Fungerande fabrikksjef på Hydro Høyanger, Ann Synnøve Øygård, vil gå inn i rolla som prosesseigar Asset Management i Primærproduksjon når Kjærland tek til i stillinga, melder Hydro. 

Til toppen