TILBYR SLIT: Ståle Loftesnes i Timbla trur skogsarbeid har terapeutisk effekt.
TILBYR SLIT: Ståle Loftesnes i Timbla trur skogsarbeid har terapeutisk effekt. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Han vil gje vanskelegstilte meistringskjensla tilbake i skogen

– Me har den beste terapien og det er arbeid i skogen, seier langbordprodusenten på Kaupanger.

Kaupanger: Dei siste 8-9 åra har Ståle Loftensnes alltid hatt med seg nokon i skogen når han jobbar. Nokon som gjerne har hatt det litt ekstra tøft i livet.

– Det er noko me har tenkt å gje gass på no. Å forma menneske tenkjer eg er vel så viktig som å forma møbel, seier han.

– Den beste terapien

Loftesnes står bak Timbla, ein langbordprodusent på Kaupanger. I ei slags stillingsannonse på Facebook tilbyr han ungdom eller vaksne opplæring i dei gamle handverksteknikkane som ligg i botn for produksjonen.

– Me søkjer dei som treng det. Me har den beste terapien og det er arbeid i skogen. Det er ofte det som trengst for ein som har det tøft, berre å komma seg ut og gjera noko som betyr noko, seier Loftesnes.

At skogsarbeid har terapeutisk effekt er han ikkje i tvil om. Det har han sett fleire eksempel på, til dømes for personar som har slite med angst. 

– Eg trur det er så nært oss alle. Ingenting er likt der ute, lukta, lyset, det er jordnært, det er gamalt. Uansett om du er steinrik eller kva du er, når du kjem ut i skogen blir du rein, på ein måte, seier Loftesnes.

Hoppar bukk over det offentlege

Når han no satsar blir det utanom det offentlege systemet med tiltaksplassar. Etter fleire års prøving har Loftesnes funne ut at det blir for tungvint.

– Me har møtt veldig mykje motstand i systemet. Det å komma seg inn der er ikkje lett. Det har vore eit slag i trynet, seier Loftesnes og nemner byråkrati og lang saksandsamingstid som eksempel.

Det er enno i startfasen, men på sikt ser han for seg at terapiarbeidsplassar, som han kallar dei, skal bli like viktige som å levere langbord.

– Det er viktig å setta att spor. Det gjeld ikkje berre produkta me lagar, seier Loftesnes.

Til toppen