EINSLEG MAJESTET: Til no har han stått for produksjonen åleine, på ei strikkemaskin han kjøpte brukt hos naboen ein gong han gjekk tur med hunden. No håpar gründaren bak Bjøddn å ta pannebandproduksjonen til nye høgder.
EINSLEG MAJESTET: Til no har han stått for produksjonen åleine, på ei strikkemaskin han kjøpte brukt hos naboen ein gong han gjekk tur med hunden. No håpar gründaren bak Bjøddn å ta pannebandproduksjonen til nye høgder. (Bilde: Pressefoto/Bjøddn)

Han vil gjere panneband av norsk ull til levebrød

Til no har det vore eit artig sideprosjekt, men når Torbjørn Selseng flyttar heim til Sogndal vert det som heiltidsgründar: − No blir det å satsa beinhardt på panneband, seier han.

Sogndal: Han hadde lenge kjent på iveren etter å flytte heim og då kjærasten fekk jobb på Høgskulen var tidspunktet det rette. Samstundes var tanken på å bli ein del av miljøet på Fosshaugane Campus forlokkande. Som alle gründerbedrifter vil han få tilbod om gratis kontorplass i tre månader. 

PERFEKT BAKGRUNN: Torbjørn Selseng har sjølv gått med panneband i eit drygt tiår. – Det er vel det som gjer meg mest skikka til denne jobben, seier han.
PERFEKT BAKGRUNN: Torbjørn Selseng har sjølv gått med panneband i eit drygt tiår. – Det er vel det som gjer meg mest skikka til denne jobben, seier han. Foto: Privat

– Det er eit heilt spesielt tankesett bak mykje av det som skjer her i bygda. Det går an å tenka stort sjølv om du er frå ei lita bygd, seier Selseng.

– Eg tykkjer det er heilt utruleg motiverande å sjå kor bra miljø dei har fått til her, kor bra infrastrukturen er, satsinga, alt det der. Du får berre kjempelyst til å «gønna» på.

Kan skilte med ti års erfaring med å gå med panneband

Gjennom si eiga nettside sel han panneband i ei rekkje fargar og mønster, med tilbod om sjølvvald logo og design dersom du tingar eit litt større parti. Sidan starten i 2015 det gått unna nesten tusen panneband. Men potensialet er langt større, trur Selseng.

– Eg profilerer meg mot friluftslivsfolk i Norge og berre der trur eg det er snakk om kanskje mellom 25 og 40 000 potensielle kundar i året, i allefall ifølge nokre kalkylar eg har leika meg litt med. Berre dèt går an å leva av, seier Selseng.

Viss han i tillegg greier å treffe eit større geografisk område og kanskje utvidar assortimentet, trur han fort talet arbeidsplassar kan tidoblast. For som han seier det:

– Alle må jo ha panneband.

Sjølv har han gått med panneband kvar dag dei siste ti åra, «minst». Difor var det kanskje naturleg å tenke i dei baner då han plutseleg stod utan jobb og trengte noko å fylle tida med i tillegg til studiane i Oslo. Men korleis det heile faktisk starta handlar mest om tilfeldigheiter.

– Det budde ei dame to kvartal bortom meg. Ein dag eg var ute og lufta hunden såg eg at ho sat og dreiv på med ei maskin som såg ut som eit keyboard, eller noko, og drog fram og tilbake på eitkvart og ut kom det eit strikketøy. Eg hadde aldri sett noko slikt før, seier Selseng.

Den gode sirkelen

Det viste seg at nabodama selde slike strikkemaskiner brukte. Selseng sjølv var allereie seld.

– Ho skaffa meg ei for ein slikk og ingenting og lærde meg å bruka ho, seier han.

Dermed gauv han laus, laga nettside og designa pannebandet, som begge vart lanserte i november 2015. Sidan har han blitt kåra til månadens tilsette tjueèin gonger på rad. Kjekt nok dèt, men det er òg grenser for kor mange panneband ein inntil nyleg heiltidsstudent greier å strikke åleine.

– Difor er eg no på utkikk etter ein dugande produsent, fortel Selseng, utan at det betyr at han har tenkt å  flagge ut produksjonen til eit lågkostland.

For grunnfilosofien viker han ikkje frå, at heile verdikjeda skal vere i Norge, frå sauen som beitar i norsk fjelluft, til det ferdige produktet ligg i handleposen, eller i postkassa, til kunden. Oppveksten på ein gard i Sogndalsdalen har forma han i så måte. Når mora hadde ei ledig stund var det alltid med strikketøyet mellom fingrane og når faren fór i fjøsen for å klyppe sauer, var det med sonen i hælane. 

– Då var det å sortere ulla i posar etter kvalitet. Noko såg du heilt tydeleg at «dette er teppe». Så har du denne her fine, heilt kvite, reine, tjukke, men tunnfibra ulla, som gjekk i eigne sekker. Heile den verdikjeda, med mamma som sit og strikkar heime og me som sorterar ull på fjøsen, det er ein sirkel i det, som i allefall eg synst er veldig tøff. Og eg trur at det går an å kommersialisera det.

TO X-BJØDDN: Han gjekk tur med hunden, Bjøddn, då eventyret starta. Bjøddn var òg kallenamnet hans då han var yngre. Difor vart det eit naturleg namn då Torbjørn Selseng starta selskapet i 2015. 
TO X-BJØDDN: Han gjekk tur med hunden, Bjøddn, då eventyret starta. Bjøddn var òg kallenamnet hans då han var yngre. Difor vart det eit naturleg namn då Torbjørn Selseng starta selskapet i 2015.  Foto: Pressefoto/Bjøddn

Meiner folk bør bry seg meir om kvar ulla kjem frå

Den trua byggjer han på meir enn berre idealisme. Norsk ull er i verdsklasse når det gjeld slitestyrke, i tillegg til den gode spensten og evna til å halde på varmen. Bakdelen er sjølvsagt at den norske ulla er grovare og klør litt meir enn til dømes den populære merinoulla. 

– Eg kunne hatt tusenårsgaranti på pannebanda mine og eg hadde ikkje tapt ei krone på det, for det er så bra varigheit, forklarer Selseng.

Han forstår at folk let seg lokke av kløfrie produkt, men ber folk reflektere over kva som ligg bak den ekstra komforten. Rett nok hentar dei store norske produsentane hovudsakleg ulla frå Spania, der reglane for dyrevelferd er rimeleg strenge, men mesteparten av merinoulla på marknaden kjem frå Australia, der praksisen er ein heilt annan.

– Du vil få heilt hakeslepp viss du youtubar eller googlar australsk sauehald, seier Selseng.

Mellom anna er det noko som heiter «mulesing», forklarer han, som bokstavleg tala går ut på å skjere av bakparten på sauen i eit forsøk på å bekjempe flugemakk.

– Når du tek eit dyr som høyrer heime i eit norsk klima og plasserer det i eit subtropisk klima, så kjem dei ikkje til å takla det noko særleg. Uansett kor glad du er i dyra dine, så vil dei ha det skikkeleg drit. Det same gjeld for sauene du har i Spania, det er ikkje kaldt der heller, seier Selseng.

For å avslutte med noko litt hyggelegare kan vi ta med historia om korleis namnet til selskapet, Bjøddn, vart til. Her òg spelar hunden, som Selseng fekk då han budde i Oslo og som han gjekk tur med då han møtte naboen med strikkemaskina, ei ikkje uvesentleg birolle. Du har truleg allereie gjetta kva namn hunden fekk, men forklaringa bak er mindre innlysande:

– Eg er oppteken av at du skal kjenna røtene dine og det var godt å ha noko skrika på tydeleg sognamaol når eg var ute på tur med han, seier Selseng.

Til toppen