FRAMOVERLENT: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll har ikkje tenkt til å lene seg tilbake og kose seg med førsteplassen i fylket i Kommune-NM. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
FRAMOVERLENT: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll har ikkje tenkt til å lene seg tilbake og kose seg med førsteplassen i fylket i Kommune-NM. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Han vil ikkje lene seg tilbake og kose seg med førsteplassen

– I morgon er dette gløymt, så me jobba vidare med å møte samfunnsendringane og -utviklinga på ein offensiv måte, seier ordføraren i Sogndal etter at kommunen hans kom best ut i fylket Kommune-NM.

Sogndal: Etter ein liten nedgang frå 17. til 21. plass på landsbasis i 2014, kan Sogndal notere seg for tidenes beste plassering med ein 15. plass i 2015 i NHO si kåring av landets mest attraktive og berekraftige kommunar.

Det held til ein førsteplass i Sogn og Fjordane føre Leikanger og Førde. 

– Over tid har me lege ganske høgt på denne, og det er bra. Det viser to ting; attraktivitet og lokal vekstkraft. I tillegg er jo dette ei utmerking til samspelet mellom det private og det offentlege og ein indikasjon på at næringsutviklinga fungerer positivt, seier Jarle Aarvoll, som er ordførar i Sogndal.

Bra for regionen

Men han meiner det gode resultatet ikkje berre er bra for hans kommune, men også for kommunane rundt – for regionen. 

– Når det gjeld næringsutvikling, er det mange som forbinder det med økonomi, avkastning og kor mykje ein puttar inn i arbeidet. Dette er eit bevis på at kompetansen ein sit med i ulike ledd er viktig, og at det er ein attraktiv kommune og region, held han fram.

– Det skal vere ein arbeidsplass som fungerer, tilgang på rett arbeidskraft, demografi, kompetanse, kommuneøkonomi, og så skal ein trivast i området utan om arbeidet. Det seier kanskje søknadstalet til høgskulen noko om med «all time high». Det er mange som kjem frå andre stader i landet, som ønskjer å bli verande her.

BEDRING: Jan Geir Solheim er ikkje nøgd med plasseringa til Lærdal, men ser lyst på utsiktene.
BEDRING: Jan Geir Solheim er ikkje nøgd med plasseringa til Lærdal, men ser lyst på utsiktene.

Ikkje nøgd i Lærdal

I motsett ende av skalaen i Indre Sogn ligg Lærdal. «Ikkje bra», er det første ordførar Jan Geir Solheim seier når Porten.no ringjer han.

– Det me veit er at me kom oss ut av Robek i 2014, og så jobbar me kontinuerleg med økonomien vår og er blitt omstillingskommune. Då tar ting litt tid. Me fekk ordentleg dreis på næringslivsarbeidet vårt i 2013-2014, og etter det har det blitt betre. 

– Me jobbar seriøst med områda me blir målt på, og me ser på resultatet at jobben hjelper, men me er ikkje nøgde med plasseringa, seier Solheim.

Demografisk utfordring

Når sant skal seiast, har kommunen hans trass alt berre klatra på kåringa sidan 2012 frå botnnivå på 345. plass til 264. plass i fjor. Det held til ein 17. plass i fylket. Demografisk utvikling får ein del av skulda med byggestopp på Lærdalsøyri. 

– Me er i eit fylke med demografisk utfordring fordi me ikkje veks likt med landet, men på næringsutvikling føler eg me er ein av kommunane med trygg på det. Det vil føre til resultat, seier han. 

Ikkje lene seg tilbake

Lærdal har status som omstillingskommune i to år til. På denne tida skal dei fortsette å byggje opp kompetanse og ein organisasjon med meir næringsretta tankemåte, fortel ordføraren. 

I Sogndal skal dei iallfall ikkje lene seg tilbake.

– Dette er gløymt i morgon, så me jobba vidare med å møte samfunnsendringane og -utviklinga på ein offensiv måte. Det er noko eg meiner Sogndal har vore flinke til. Den dagen ein berre kjempar for at alt skal vera som det har vore, stoppar utviklinga opp. Eg trur samfunnet har vore flinke til å ta utfordringane når dei har kome. 

Til toppen