LOKALPRODUSERT: Harald Eriksen har dreve med produksjon av kjøtt i ca fem år og håpar at det ein dag skal vere lønnsamt nok til å kunne leve av.
LOKALPRODUSERT: Harald Eriksen har dreve med produksjon av kjøtt i ca fem år og håpar at det ein dag skal vere lønnsamt nok til å kunne leve av. (Foto: Youri van der Werve)

Han vil konkurrere mot den tradisjonelle daglegvarebutikken – lagar berre lokalprodusert mat

Medan dei fleste kjøper maten i daglegvarebutikken, viste fleire fram lokalproduserte produkt på bondens marknad i Sogndal. Ein av dei var Harald Eriksen, som har drive Heimtun gard i over 30 år.

Sogndal: På bondens marked kan ein kjøpa mat direkte frå produsenten, og alle varer skal vera lokalproduserte. Denne gongen hadde bøndene samla seg i parken for å visa produkta og late forbipasserande få smaka.

BONDENS MARKED: Det var totalt fem stands i parken under Bondens Marked. Fleire av dei hadde reist eit godt stykke for å vere her. Foto: Youri van der Werve

Ein av dei som hadde kome til Sogndal, var Harald Eriksen. Han har drive Heimtun gard sidan 1985. Eriksen har drive med nyttevekst så lenge han kan hugse, og gardsbruk i cirka fem år.

– I dag sel eg pølser i ulike variantar, alt frå fjordfe, sau og hjort. Eg har også nokre urtar og fjordfe burgarar, seier Eriksen.

Ikkje lønnsamt

– Eg driv i hovudsak med kjøtproduksjon, men gjer mykje anna i tillegg til det som vedproduksjon, nyttevekst og skinn.

For Eriksen er garden ikkje noko han klarer å leve av.

– Det er uheldigvis ikkje så lønnsamt, men eg håpar jo at det kjem til å bli det. Eg har kanskje litt mykje forskjellige produkt. Det kostar meir og det er ikkje like enkelt å skapa noko som folk kjenn at.

Folk er skeptiske

Han prøver å bruke bondens marked for å visa seg fram og la folk prøve varane sine.

– Dei fleste går eigentleg berre forbi og er litt skeptiske. Men det handlar berre om å få dei til å smaka. Som oftast er dei som er villige til å smaka òg villige til å kjøpa. Eg får mange tilbakemeldingar om at kjøtet har mykje meir smak enn det dei er vande til.

Eriksen håpar å kunne konkurrere ut den tradisjonelle daglegvarebutikken litt.

– Eg begynte jo med dette for eg synes at det var så lite variasjon i maten ein kan få i butikken. Sjølv har eg lyst på noko med meir smak og kunne ha meir variasjon. Eg trur eg lykkast, no må eg berre få marknadsført godt nok slik at garden blir kjent, seier Eriksen.

Til toppen