HAR PLANEN KLAR: Vegar og Elise byrja i dag begge i første klasse på Trudvang skule i Sogndal. Dei to har planen klar for vaksenlivet.
HAR PLANEN KLAR: Vegar og Elise byrja i dag begge i første klasse på Trudvang skule i Sogndal. Dei to har planen klar for vaksenlivet.

Han vil køyre motocross, medan ho vil bli kokk

Sekstiseks elevar møtte i dag til første skuledag på Trudvang i Sogndal. Enkelte av dei har allereie bestemt seg for kva dei vil bli.

Sogndal: Blant dei var seksåringane Vegar og Elise, som begge er glade for at dei endeleg er gamle nok til å byrja på skulen.

– Det er fint at me får leika med nye venner, seier Elise.

– Det morsomaste i dag var at me ikkje måtte gjera lekser, seier Vegar.

Les også: Her er dei nett ferdig med første skuledag

SPENT GJENG: Her er klasse 1c ved Trudvang skule klare for første skuledag. For mange var det eit spent første møte, både med skulen og med medelevane.
SPENT GJENG: Her er klasse 1c ved Trudvang skule klare for første skuledag. For mange var det eit spent første møte, både med skulen og med medelevane.

Har planane klare for framtida

Dei har no minst ti år framfor seg på skulebenken. Elise er ikkje i tvil om kva ho ser mest fram til å lære.

– Eg har lyst til å lære korleis du pratar på andre språk, seier ho og avslører at ho allereie kan å telle på tysk.

Og sjølv om det enno er nok av tid til å ombestemme seg, har begge klare tankar om kva dei skal bli når dei er ferdig utdanna.

– Då skal eg begynne å køyre cross. Og då kan eg laga bane oppi skogane, seier Vegar.

– Då skal eg bli kokk. Eg har allereie lært meg å lage pølse og graut, men ikkje noko meir. Men når eg er med mamma, då kokkelerar eg. Eg greier å lage tomatsuppe òg, seier Elise.

Stolt rektor tok imot det nye kullet

Det er ikkje berre for elevar og foreldre det er ein stor dag. Det er det og for rektor Bjarte Ramstad.

STOLT REKTOR: For Rektor Bjarte Ramstad er dette den største festdagen i skuleåret.
STOLT REKTOR: For Rektor Bjarte Ramstad er dette den største festdagen i skuleåret.

– Du ser kor spente dei er, dei har flotte kle på seg og det er stor stas. Det er den største festdagen i skuleåret og det er eit ærefullt oppdrag å få inn så mange nye elevar, seier han.

I lag med dei tilsette har han ansvaret for å gjere overgangen frå barnehage til skule så smertefri som mogleg. Den kan vere vanskeleg for nokon og ein kvar. Men i år er det i tillegg fleire av førsteklassingane som ikkje har lært norsk enno, fordi familien nettopp har flytta til landet.

– Det går som regel veldig bra. Dei yngste elevane tek til seg språket veldig fort. Det er større utfordringar når elevane kjem høgare opp i klassetrinna, seier han.

Til toppen