EVENTYRLEG VEKST: I fjor passerte Lærdal Grønt 83 millionar i omsetnad og sette med det ny rekord. Slik dei har gjort meir eller mindre kvart år sidan starten.
EVENTYRLEG VEKST: I fjor passerte Lærdal Grønt 83 millionar i omsetnad og sette med det ny rekord. Slik dei har gjort meir eller mindre kvart år sidan starten. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Han vil nå 100 millionar i omsetnad i 2020

Då Lærdal Grønt vart stifta i 1999 hadde dei fem millionar i omsetnad. I fjor passerte dei åtti millionar og målet er å vekse vidare.

Lærdal: – Det er ei fantastisk historie og spesielt i landbruket der me ofte får kritikk for å syta og klaga og for å vera negative. Den veksten me har hatt i Lærdal hadde me ikkje fått om me ikkje hadde tru på det me driv med, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt og er nøye med å rose alle dei som har vore med å gjere oppturen mogleg.

Han seier samvirket no har som mål å passere 100 millionar kroner i omsetnad innan 2020. Det er i så fall ei tjuedobling på tjue år.

– Det er eigentleg berre eit naturleg framhald av den veksten me har hatt sidan starten. Men det kjem ikkje av seg sjølv, du må jobba heile vegen, seier Mundal.

Les også: – Dyrking av jordbær har kjempepotensiale

Tener på å løfte i flokk

Ei tjuedobling på tjue år, altså. I 1999 ville dei ha ledd av deg om du kom med slike prognosar. Då var det alt anna enn optimisme som prega jordbrukskommunen. I tillegg var lakseparasitten gyro nettopp blitt påvist i Lærdalselvi.

– Ei god krise er som regel eit godt utgangspunkt for å få til noko nytt, seier Mundal.

Og det var nettopp det som skjedde. Dei to gjenverande pakkeria i kommunen vart slått saman, Lærdal Grønt vart etablert og sidan har pila peika oppover. I dag omset Lærdal Grønt bær og grønsaker frå over førti ulike produsentar.

– Saman stiller me sterkare og kan ta investeringar som ein enkelt produsent ikkje har sjanse til å gjere åleine, for eksempel eit morellepakkeanlegg som kan handtere 233 tonn moreller på nokre få veker, slik tilfellet var i fjor, seier Mundal.

Bøndene får betre betalt

Samarbeid gjer òg at bøndene kan konsentrere seg om å dyrke råvarene, så kan andre ta seg av pakking, sal, produktuvikling og marknadsføring, på vegner av fellesskapet.

– Korleis skal de greie å halde fram veksten?

– Vi må berre jobbe vidare med det me er gode på, få inn nye produsentar, få til generasjonsskifte der det trengst, få dei produsentane me allereie har til å produsere meir og jobba med utviklinga av nye produkt, seier Mundal

Ein ekstra dimensjon ved veksten dei opplever er at alt går tilbake til produsentane. Det er ingen rik onkel som sit att med overskotet, men samvirket sjølv.

– Det er er rett og slett bøndene som har fått betre betalt for varene sine, seier Mundal. 

Til toppen