NEDSTEMT: Stein Malkenes (MDG) vil ha ein reinare båttrafikk på verdsarvfjorden, men kvar gong han kjem med forslag i samferdsleutvalet om at ein skal stille krav til dei som ønskjer å drive båttrafikk, vert han nedstemt.

NEDSTEMT: Stein Malkenes (MDG) vil ha ein reinare båttrafikk på verdsarvfjorden, men kvar gong han kjem med forslag i samferdsleutvalet om at ein skal stille krav til dei som ønskjer å drive båttrafikk, vert han nedstemt. (Bilde: MDG Sogn og Fjordane)

Stortingsvalet 2017

Han vil nekte gamle dieseldrivne fartøy å drive turisttrafikk i verdsarvfjorden

– På kvart einaste møte der me handsamar konsesjon, vert eg nedstemt, seier Stein Malkenes (MDG).

Flåm: Malkenes er Miljøpartiet Dei Grøne sin stortingskandidat til årets val. Onsdag besøkte han Flåm, der han møtte Sandra Nekkøy og Rolf Andre Sandvik frå The Fjords, som har som forretningsstrategi å driva med utsleppsfri lokaltransport i reiselivsnæringa på verdsarvfjorden.

– Det er noko som skil dei frå dei andre lokale aktørane og er svært gledeleg, seier Malkenes om møtet med The Fjords, som han ønskjer å gjera til førebilete når det gjeld båttrafikk på fjorden i Flåm.

– Dette er eit initiativ me må støtta politisk. Det neste trinnet no bør vera at me i samarbeid verdsarvstyret, Aurland kommune, fylkeskommunen og andre organiserer den lokale båttransporten slik at det blir stilt krav om utsleppsfri teknologi. Og så må ein nekte gamle dieseldrivne fartøy å drive turtstrafikk på verdsarvfjorden, legg han til.

Blir stadig nedstemt

Til no er det nettopp der det har stoppa for Malkenes, som sit i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune saman med mellom anna ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), som leiar utvalet.

BESØK: Malkenes besøkte denne veka Flåm, der han møtte Sandra Nekkøy og Rolf Andre Sandvik frå The Fjords, eit selskap han løftar fram som eit godt døme på korleis turisttrafikk skal fungera.
BESØK: Malkenes besøkte denne veka Flåm, der han møtte Sandra Nekkøy og Rolf Andre Sandvik frå The Fjords, eit selskap han løftar fram som eit godt døme på korleis turisttrafikk skal fungera. Foto: MDG Sogn og Fjordane

– Dette er jo ein gjengangar. Eg har sete i utvalet i to år, og på nesten kvart einaste møte handsamar me søknader om konsesjon til å drive rutetrafikk på fjorden eller på land. Kvar gong me har ei slik sak ber eg om at me legg inn klausular som seier at dersom det ikkje finst tilgang på utsleppsfri teknologi no, skal konsesjonen evaluerast om tre år og at den som får konsesjon må vera førebudd på å bli stilt krav til, held Malkenes fram.

– Hittil har eg blitt nedstemt på kvart einaste møte. Forslaget får berre den eine stemma. Det merkelege er at Distad, som er leiar i utvalet og ordførar i Aurland, er den som jobbar hardast imot å driva kvalitets- og framtidsteknologi i verdsarvområdet. Her handlar det om klimapolitikken til Høgre i praksis. 

Kost/nytte-vurdering

Noralv Distad (H) meiner sjølv han er på trygg grunn når det kjem til miljøet. Han skryt av næringslivet som tek initiativ sjølv, men seier at når det gjeld ruteløyve, så er dei gitt med krav som i dag gjeld nasjonalt.

– Det som er spesielt med ruta mellom Flåm og Gudvangen, er at det er kommersielle ruter. Alternativet er å laga eit system med eit anbodsregime, men det er ikkje det som er situasjonen på Nærøyfjorden. Det er ikkje aktuelt å stilla krav i eit slikt omfang, men i det vidare arbeidet må ein sjå på korleis ein skal forholde seg til båttrafikk generelt i fylket, svarar ordføraren.

Han meiner vidare det er viktig at ein heile tida har med seg ei kost/nytte-vurdering i arbeidet med å skapa eit meir miljøvenleg samfunn.

– Det er eg heilt dønn ærleg på. 80 prosent av turistane som kjem til Noreg oppgir at dei vil besøke fjordane. Dei må få høve til å oppleva det. Dei legg att mykje verdiar, så når me skal fasa inn meir miljøvenleg teknologi, må me samstundes gi turistane det dei er ute etter.

Breiare perspektiv

Distad fortel vidare at kommunen og fylkeskommunen har jobba hardt, utan å få gjennomslag nasjonalt, for at fjordane skal få same status som nasjonale turistvegar. 

– Går me einsidig inn på restriksjonar, blir me taparar for sentrale strok. Me må ha eit meir balansert syn på det store biletet enn det MDG har. Eg har respekt for det, men som Høgre-politikar må eg ha eit breiare perspektiv, der ein aksepterer ein aktivitet fordi den er så viktig og gir arbeidsplassar til folk og gjer at folk ønskjer å bu her.

Til toppen