NY ORGANISASJON: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, ønskjer å samle alle naudetatane i Årdal, Lærdal og Aurland i ein eigen organisasjon, der ein kan drive undervisning, bli betre kjend og kompetanseheving. Foto: Ina Eirin Eliassen.
NY ORGANISASJON: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, ønskjer å samle alle naudetatane i Årdal, Lærdal og Aurland i ein eigen organisasjon, der ein kan drive undervisning, bli betre kjend og kompetanseheving. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Han vil samle naudetatane i ein eigen organisasjon

Organisasjonen skal nyttast til samhandling, undervisning, kompetanseheving og å bli betre kjend med kvarandre.

Årdal: Det er tanken bak forslaget som lensmann i Årdal, Magne Knudsen, no har sendt ut til brannmeisterane, ambulansearbeidarane og kollegaene i politiet i Årdal, Lærdal og Aurland. 

Inspirert av korleis dei gjer det på Møre, meiner han det er på tide at dei får til noko liknande her. Dei har snakka om det før, men aldri kome noko lenger enn med praten.

– Me har snakka om dette før at me kanskje skulle hatt ein felles organisasjon. Difor har eg sendt ut ein førespurnad om dette kan vere av interesse, seier Knudsen.

Likar forslaget

Brannsjef Gaute Johnsgaard likar ideen. 

– Eg tykkjer det er eit veldig bra forslag. Me hadde noko liknande for mange år sidan, der me prøvde å få til eit forum for folk som jobbar i beredskap og utrykning. Det er prisverdig at han tek tak i det og skapar eit meir uformelt treffpunkt slik at me ikkje berre ser kvarandre når det kokar, seier han. 

Nyleg hadde naudetatane øving i Årdal. Då får som jobbar her møtt kvarandre, men oftast blir det når det kokar som mest. Då kan det vere fint å ha ein møteplass som tilbyr ein litt annan setting.

– Det er mykje lettare å setja seg ned og ta slå av ein prat under rolege forhold. Då blir me betre kjend med kvarandre, og det er berre ein fordel, seier Johnsgaard.

Kompetanseheving

Tanken bak er at ein då kan nytte organisasjonen til å få inn foredragshaldarar og bli betre kjend med kvarandre på tvers av kommunegrensene, samt vidareutvikle det gode samarbeidet som allereie eksisterer.

– Samhandling, undervisning, kompetanseheving, listar Knudsen opp, som sjølv var i Møre for å snakke til ein tilsvarande organisasjon om brannen i Lærdal.

– No har eg fått tilsendt informasjon og statuttar for korleis dei gjer det der. Det blir jo eit styre. I tillegg har dei det slik på Møre at alle stiller i lik genser. Då blir det lik profilering, og ein blir meir knytta til kvarandre. 

Jonsgaard er heilt på bølgjelengde med lensmannen.

– Ja, det hadde vore tingen om me hadde klart å bli samde om dette. Det er mange gode idear ein kan skape av dette.

Til toppen