Handbak og rockabillytrio på gamle Lærdalsøyri

Sjå bilete frå friluftsmarknaden på gamle Lærdalsøyri som gjekk av stabelen 16.-18. juni. 

Lærdal: Den tradisjonsrike friluftsmarknaden vart denne helga arrangert for 34. gong. Maknaden som vert rekna å vere eitt av Noregs eldste har, med unntak av ein pause på 104 år, vorte arrangert kvar år sidan middelalderen. I våre dagar vert marknaden arrangert den tredje helga i juni.

Nær 90 seljarar

På programmet fredag opptredde Lærdal linedance med amerikansk dans. Dansen med opphav frå 1970-talet er bygd opp i ulike stegkombinasjonar.

Laurdag opna bodane klokka ti. Det var i følgje deltakarlista 86 ulike seljarar på marknaden i år. Her kunne publikum finne alt frå heimelaga matvarer til smykke og jordbruksmaskiner.

Noregsmeistar i handbak viste teknikk

Frå 12- tida hadde handbakgruppa i Lærdal framsyning i Rådhusparken.

Eirik Trulssen (17) seier til Porten.no at handbakgruppa viste fram ulike teknikkar i handbak og rekrutterte nye medlemmar til gruppa.

Trulssen vart for to månader sidan noregsmeistar i handbak. Han kom på førsteplass med høgrehanda og tok andreplassen i venstre.

– Det var mange som så på, og eit par som prøvde bryte legg Trulssen til.

Laurdagskvelden vart avslutta med rockabillytrioen Twang Gang i Kvammegården. 

 

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen