TAPTE: Det vart eit nytt tap på Jotun/ÅTIL i helga då dei gjesta NHHI. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
TAPTE: Det vart eit nytt tap på Jotun/ÅTIL i helga då dei gjesta NHHI. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Handballdamene tapte igjen

Jotun/ÅTIL klarte heller ikkje å tukte NHHI.

NHHI – Jotun/ÅTIL 32-20

Årdal: Søndag gjesta dei raude og grøne Lehmkuhlhallen, men heller ikkje mot fjorårets tabelljumbo i 2. divisjon, NHHI, vart det siger.

Då 60 minuttar med handball var unnagjort, stod det 32-20 på måltavla i favør heimelaget. 

Til halvspelt sesong står dermed Jotun/ÅTIL framleis utan poeng. 

  • Les fleire sportsnyhende og sjå tabellar på vår sportsseksjon.

Dette var årets siste kamp for laget frå Årdal. Etter planen skulle dei møta Florø komande helg, men denne er flytt til utpå nyåret. Dato er ikkje sett, så førebels blir neste kamp 16. januar.

Til toppen