ALT FOR SIL: Ole Kristian Gjerstad sat på trenarbenken i Sogndalshallen både då jentelaget i 16-årsklassen og kvinnelaget til Sogndal spela laurdag. Då det var herrelaget sin tur til å springa utpå, var han sjølvsagt med ute på bana.
ALT FOR SIL: Ole Kristian Gjerstad sat på trenarbenken i Sogndalshallen både då jentelaget i 16-årsklassen og kvinnelaget til Sogndal spela laurdag. Då det var herrelaget sin tur til å springa utpå, var han sjølvsagt med ute på bana. (Bilde: Snorre Sandemose)

Handballen i Sogndal har gått frå å vera eit hinder til å verta student-agn for høgskulen

På grunn av fråværet av handballag å spela på, var Ole Kristian Gjerstad i tvil om han skulle takka ja til tilbodet om å studera til lærar på høgskulen i Sogndal. Fire år seinare trur han Sogndal står fram som ein særskilt attraktiv studiestad for handballinteresserte.

Sogndal: – Det var ikkje noko handballherrelag her hausten 2013, då eg fekk vite at eg hadde kome inn på lærarlina på høgskulen i Sogndal. Difor var eg usikker på om eg i det heile skulle seia ja til å studera i Sogndal, fortel Ole Kristian Gjerstad.

Lærarstudenten frå Kodal i Vestfold (nært handballbyen Larvik) trur Sogndals-handballen no har gjort seg so gjeldande at handballinteresserte ungdomar får opp augo for studiestaden Sogndal.

Sjølv tvilte han lenge på om han skulle fara til Sogndal for å studera. Halve livet hadde den då 22 år gamle studenten spela handball aktivt. I tillegg hadde han vore trenar for aldersbestemte lag sidan han var 17 år. Og i Sogndal var det ikkje noko lag å spela på.

Men valet av studieplass fall på saftbygda. Der skulle det syna seg at han ikkje var den einaste handballinteresserte studenten. Med utøvarar frå studentidretten i spissen, fekk Sogndal IL skrapa saman eit handballag for herrar frå og med hausten 2014.

Bygde eit handballmiljø saman med andre studentar

JENTELAGET: Gjerstad trenar Sogndal sitt jentelag i sekstenårsklassen. her frå laurdagens kamp mot Høyang i raudt. Under laurdagens tre handballkampar i Sogndalshallen var han med i alle tre kampane. For kvinnelaget òg var han med som trenar, og for herrelaget som spelar. 
JENTELAGET: Gjerstad trenar Sogndal sitt jentelag i sekstenårsklassen. her frå laurdagens kamp mot Høyang i raudt. Under laurdagens tre handballkampar i Sogndalshallen var han med i alle tre kampane. For kvinnelaget òg var han med som trenar, og for herrelaget som spelar.  Foto: Rita Orrestad, Sogndal IL

– Det var spesielt å vera her fyrste året utan å spela handball. Men alt andre studieåret var eg i gong med å både trena jentelaget i fjortenårsklassen, og spela på det nyskipa herrelaget, fortel han.

Saman fekk studentane Rene Baardsen frå Rogaland, Øyvind Vraalsen frå Lørenskog og Gjerstad samla med seg nok karar til at eit handball-herrelag kunne verte skipa innan Sogndal Idrettslag.

Baardsen og Vraalsen, som kom til saftbygda før Gjerstad, hadde alt trena aldersbestemte handballag i Sogndal eit år då Gjerstad møtte dei. Snart fekk også vestfoldingen overtaka trenaransvaret for eit aldersbestemt lag, og sidan har han vore ei av eldsjelene på trenarfronten i bygda. I dag trenar han to lag, i tillegg til at han er spelande assistenttrenar på herrelaget.

Men Gjerstad meiner det er Vraalsen som har vore sjølve primus motor. I fjor trente Lørenskog-karen jentelaga i tolv- og femtenårsklassen, han var assisterande trenar for kvinnelaget, og hovudtrenar for herrelaget. 

Vraalsen slo seg ned på Sandane etter enda utdanning, der han underviser på idrettslina på Firda Vidaregåande Skule. 

SIL-herrane dansa seg oppetter divisjonane

HERRELAGET: Det er mange studentar på Sogndal-laget. Her er det Gjerstad sjølv som nett har kasta ballen mot mål laurdag, i denne augneblinken svevar ballen over hovudet til linedomaren.
HERRELAGET: Det er mange studentar på Sogndal-laget. Her er det Gjerstad sjølv som nett har kasta ballen mot mål laurdag, i denne augneblinken svevar ballen over hovudet til linedomaren. Foto: Rita Orrestad, Songdal IL

– Då me stilte med nytilskipa herrelag i 2014/15, måtte me so klart starta på lågaste nivå, fortel Gjerstad.

På grunn av få lokale herrelag, laut dei alt den fyrste sesongen fara so langt som til Stord å spela, og elles ta turar til Bergen-traktene nesten kvar bortekamp. Likevel har laget rykt opp etter kvar einaste sesong sidan oppstarten, og i år, sesongen 2017/18, ligg dei i tredje divisjon. 

Det er det høgaste nivået for Hordaland og Sogn og Fjordane, og her ligg Gjerstad og co. førebels på 3. plass. 
 
– Det er mykje kjekkare i år, når me ligg i 3. divisjon. No er det både gøyare å spela og gøyare for publikum å sjå på, når me ikkje er so suverene, seier han.

Mange bortekampar å reisa på når du er engasjert i tre lag

– Korleis får du henta krefter og motivasjon til å vera engasjert i tre lag samstundes, attåt lærarstudia?

Det er eit fint miljø i klubben. Og so er det fantastisk med alle studentane som bidrar, samstundes som foreldre og andre legg ned ufatteleg mange dugnadstimar, seier Gjerstad, som understrekar at det er mange foreldre i Sogndal som har gjort ein vel so stor innsats for handballen som dei mest aktive studentane.

Gjerstad synest òg det er ei glede å sjå at so mange unge i bygda har begynt å spela. 

Og det er alltid like kjekt å sjå korleis eit lag utviklar seg over tid, seier vestfoldingen.

KVINNELAGET: Sogndal-åtak mot Gloppen 2 i Sogndalshallen laurdag. Det unge Sogndal-laget er heilt i teten i årets fjerdedivisjon. Nokre av dei kjem frå jentelag som Gjerstad har trena dei siste par åra. 
KVINNELAGET: Sogndal-åtak mot Gloppen 2 i Sogndalshallen laurdag. Det unge Sogndal-laget er heilt i teten i årets fjerdedivisjon. Nokre av dei kjem frå jentelag som Gjerstad har trena dei siste par åra.  Foto: Rita Orrestad, Sogndal IL

For to år sidan, då eg trente det dåverande jentelaget i sekstensårsklassen, melde me laget på Bergensserien, sjølv om det fanst ein lokal serie òg. Det var for at jentene skulle møte tøffare motstand og utvikla seg, seier han.

Nokre av dei spelar no på det dyktige, unge kvinnelaget til Sogndal, som yppa seg mot sjølvaste Jotun førre helga.

Han kan tenkja seg å verta verande i Sogn

Lørenskog-karen Vraalsen vart altso verande i fylket etter enda utdanning i Sogndal, kjem også du til å halda deg her, etter enda lærarstudier?

– Det er ikkje noko som trekkjer meg vekk frå Sogndal. Om eg får jobb i Sogndal eller nærområdet, so vert eg gjerne, seier 26-åringen.

Han tykkjer Indre Sogn er vent, og tenkjer at det ville vore spanande å fylgja utviklinga i handballen vidare her: 

– Det spirar og gror i Sogndal-handballen. Det er mange i kvinnelaget som truleg kjem til å verta her i fleire år frametter. Samsundes kjem det til nye studentar som tilfører meir til både herre- og kvinnehandballen. 
Og breiddesatsinga blant born som no har kome fint i gang, kjem også til å gje resultat, trur han.

Til toppen