AVTROPPANDE: Leiar i hanballgruppa, Tore Øren, gir seg så snart det nye styret er på plass. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
AVTROPPANDE: Leiar i hanballgruppa, Tore Øren, gir seg så snart det nye styret er på plass. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Handballgruppa til ÅTIL arrangerer basar 

I helga arrangerer handballgruppa basar for å få inntekter til å reisa på turnering til Ål i slutten av april. 

Årdal: Den aldersbestemte handballgruppa til ÅTIL arrangerer baser fyrstkommande søndag i Tangenhallen på Årdalstangen.  

– Dette er ei viktig inntektskjelde for oss. Overskotet går til rekruttering av nye spelarar og er øyremerka for at spelarane kan få reisa på handballturnering i Ål i slutten av april, seier Tore Øren, leiar i handballgruppa. 

Les også: – Beach-handball er veldig gøy!

Flotte premiar

I desse dagar reiser handballgruppa i ÅTIL dør til dør på Årdalstangen for å selje bøker til basaren. Dei har også seld bøker på matvarebutikkane. 

– I tillegg har me fått me oss handballgruppa til Jotun som sel bøker for oss i Øvre Årdal. Me gjer det same for dei når dei arrangerer basar, seier Øren. 

ÅTIL stiller i år med seks handballag fordelt på 50 born. Kvar og ein av desse stiller med premie til årets basar. 

– Me har også fått flotte premiar frå næringsliv i Årdal og er svært takksame for at dei støttar opp, seier Øren. 

I fjor sette handballgruppa rekord då dei klarte å samla inn 90.000 kroner. Ambisjonane for årets baser er at dei vertfall skal tene opp i mot 50.000 kroner. 

– Her kjem alt i frå besteforeldre til ungar. Alle er velkomne. Det vil bli servert gratis kaffe og kaker, seier Øren. 

I tillegg til dugnaden under Målrock, er basaren handballgruppa si viktigaste inntektskjelda. 

Søker fleire til styret

Talet på spelarar har dei siste åra minka. Dette har med mindre kull på skulane å gjera. 

– Det merkar me svært godt. Me prøver å få i gang tiltak for å rekruttera fleire spelarar. I romjula arrangerte me til dømes Handballens dag som var eit ope arrangement med flinke instruktørar der kven som helst kunne møte opp, seier Øren.

Han har vore leiar for handballen i to sesongar no, men gir seg så snart ny leiar er på plass. 

– Eg er avtroppande, men eg blir verande til det nye styret er på plass. Me sliter litt med å få folk til styret. Nokre er på plass, men me manglar framleis litt folk. Så det er berre å melde seg, avsluttar Øren.  

Til toppen