SIGER: Sundag markerte sesongens første siger for handballdamene til Jotun IL, då dei slo Bjørnar 28-23 på heimebane.
SIGER: Sundag markerte sesongens første siger for handballdamene til Jotun IL, då dei slo Bjørnar 28-23 på heimebane. (Foto: Sunniva Knutsen / Arkiv)

Handballjentene til Jotun starta året med sesongens første siger

Då Jotun møtte Bjørnar i Årdalshallen, gjekk det endeleg dei grøne sin veg.

Årdal: Etter å ha spelt åtte kampar utan siger i dei første rundene av 3.divisjon, snudde det sundag for årdølene då Bjørnar vitja Årdalshallen. 

Damene frå Jotun tapte under førre møte med Bjørnar, med fekk sundag moglegheita for revansje. Dei greip sjansen og vann 28-23, og kunne ringa inn det nye året med sesongens første siger. 

Kristine Lindborg vart toppskårar for dei grøne med heile 10 mål. Neste på lista var Susanne Myrland med seks mål, og Camilla Nundal med fem. 

Siste kampen før jul, tapte Årdal mot Dale 20-31. 

Den gongen sa trenar Katalin Karlsen til Porten.no at dei hadde klare mål dei skulle jobba med til denne kampen.

– Me må bli flinkare å koma oss opp i angrep og spela meir som eit lag, og ikkje ha ein «ein mot ein - mentalitet». Me må få betre samspel i laget, sa ho då. 

Til toppen