KNAPP SIGER: Andrea Luggenes scorar eitt av hennar seks mål i kampen. Heimelaget leia kampen frå kvarteret og ut, men sigeren var ikkje i boks før sluttsignalet gjekk.
KNAPP SIGER: Andrea Luggenes scorar eitt av hennar seks mål i kampen. Heimelaget leia kampen frå kvarteret og ut, men sigeren var ikkje i boks før sluttsignalet gjekk.

Handballjentene tok årets første siger

Det vart ein dramatisk kamp, der heimelaget greidde kjempe seg til ein eittmålssiger.

Jotun/Årdalstangen-Førde 2: 20-19

Det var ein nervøs gjeng som gjekk på parketten i Årdalshallen. Laget har hatt ei turbulent sesongoppkøyring og i dag komden første testen på om dei har greidd å stable i hop eit slagkraftig mannskap.

– Me hadde veldig nervar i dag. Det er første kampen vår og ikkje har me spelt noko særleg i lag, seier seksmålsscorar Andrea Luggenes etter kampen.

Les også: – No er me litt over den striden som var

Nervar prega òg spelet i opninga. Det første kvarteret var det Førde 2 som dominerte og årdalsjentene sleit med å få ting til å fungere.

Men så skrudde Andrea Luggenes på turboen og siste halvdelen av omgangen opparbeida heimelaget seg ei solid leiing. Jotun gjekk til pause på stillinga 11-7, etter fem mål av den raske kantspelaren.

Andre omgang starta òg famlande, men Førde 2 greidde ikkje anna enn å halvvere forspranget. Etter kvart fann Jotun/Årdalstangen tilbake til oppskrifta frå første. Med åttemålsscorar Kristina Furebotn i spissen tok dei tilbake firemålsleiinga.

– Første omgang var ganske elendig frå mi side. Men det løysna i andreomgang, når nervane slepp og vi får flyt i spelet. I dag var det eg som greidde å ta ansvar. Det er ei god kjensle, seier ho.

Men då sigeren såg ut til å vere trygga, greidde Førde 2 plutseleg å kjempe seg inn att i kampen. Med seks minutt igjen på klokka vart leiinga redusert til eitt fattig mål. Like etter scora Andrea Luggenes sitt første i omgangen og Førde tok time-out på stillinga 19-17. Ei ny redusering frå Førde sørga for dramatiske sluttminuttar.

– Vi vart litt stressa, men vi missa ikkje hovudet. Alle hadde trua på at vi skulle greie å ro det i land uansett, seier Kristina Furebotn etter kampen.

Trua viste seg å vere berettiga. Stillinga enda på 20-19 og årets første topoengar er eit faktum. 

– Det er kjempedeilig, heilt enormt, seier Luggenes.

Til toppen