NYTT: Det er heilt nytt for spelarane å bli tatt ut på samling i handball. Foto: Arkiv
NYTT: Det er heilt nytt for spelarane å bli tatt ut på samling i handball. Foto: Arkiv

Handballtalent får nye moglegheiter

4-5.juni reiser handballspelarane Benedikt Arsenault, Sivert H. Mannsverk og Stian Laberg til Sotra Arena på talentsamling.

Dette er ei årleg talentsamling for håndballspelarar født i 2001. Over 100 handballtalent samlast for ei helg fylt med inspirasjon og trening.

Spennande

Benedikt Arsenault fortel at dette er ganske stort for han og dei to andre spelarane. 

STORT: Benedikt Arsenault seier det er stort for han å bli tatt ut på ei slik samling.
STORT: Benedikt Arsenault seier det er stort for han å bli tatt ut på ei slik samling.

– Eg har spelt handball sidan eg var liten, og har vore med og sett på damelaget sine treningar ein del. Å bli tatt ut på ei slik samling er ganske stort, sidan eg aldri har vore med på det før. Eg gledar meg ordentlig til å vere med å møte nye folk, og få nye vener. 

– Handball er ein super sport  som eg kan tenkje meg å satse på. Eg klarar meg fint på handballbana, meiner eg då.

2.plass

Dei tre gutane spelar på Åtil/Jotun g-14, som kom langt i den forrige sesongen. Laget vart starta opp på eige initiativ, og har både erfarne og litt mindre erfarne spelarar.

Les også: Tok initiativ til å danne eige lag 

Laget kjempa seg til seriefinale og 2.plass i forrige sesong. I seriefinalen møtte dei Florø der det enda i tap for gutane. 

Les også: Frustrerande tap i seriefinalen

 

 

Til toppen