Årdal: 15-åringane Marita Ylvisåker og Mari Vee er uttekne til den regionale talentsamlinga som går føre seg på Sotra i juni.
Ylvisåker fortel til Porten.no at ho blei svært glad då ho høyrte ho var ein av dei uttekne.
– Handball er det eg likar å drive med, så det å få vere med på ein slik samlig set eg veldig stor pris på.
– Viktig for klubben
Trenaren til jentene, Harald Husabø, poengterer at slike moglegheiter er viktig for klubben.
– Det er veldig kjekt at dei får moglegheit til å vise seg fram og trene med andre, gode spelarar i regionen. Mange spelarar frå Bergen spelar på eit høgt nivå, og det er fint at jentene får kjenne på kva som skal til for å utvikle seg til flinke handballspelarar. Det er viktig for klubben at spelarane som har lyst til å satse på handballen har sjansen til å vere med på slike samlingar.
Sju spelarar går vidare
Under samlinga, der over 100 spelarar skal vere med, vil kun sju jenter og sju gutar bli vald vidare til Skien for å representere Region Vest.
– Eg er veldig spent på korleis det kjem til å gå, fortel Ylvisåker.
– Eg har ikkje store forventningar til å bli blant dei sju som blir tatt ut, sjølv om det hadde vore heilt fantastisk! No gledar eg meg eigentleg berre til sjølve samlinga.