VEKS I TAKT MED LANDET: Handelen i Årdal veks i takt med resten av landet i 2016, viser tal for Statistisk sentralbyrå. – Det betyr at handelslekkasjen er stoppa, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VEKS I TAKT MED LANDET: Handelen i Årdal veks i takt med resten av landet i 2016, viser tal for Statistisk sentralbyrå. – Det betyr at handelslekkasjen er stoppa, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Handelen i Årdal med like stor vekst som resten av landet

– Det betyr at handelslekkasjen er stoppa, seier næringssjefen i Årdal Utvikling.

Årdal: Handelen i Årdal hadde ein liten vekst på 3,1 prosent i 2016. Det er 0,1 prosent høgare enn snittet for resten av landet, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Det betyr at handelslekkasjen har stoppa, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, som trur handelen kan halde fram med å veksa, spesielt på sommaren.

– I sum utgjer dette kanskje ikkje så mykje, men no byrjar faktisk omsetningen i Årdal å nærma seg 400 millionar kroner. Det er ein betydeleg del pengar. Sjølv om mange i handelen kanskje føler dei slit og ønskjer seg meir, viser statistikken at utviklinga sakte, men sikkert går i rett retning, legg han til.

Vekst i jule- og sommarhandelen

Når ein snakkar om «handel», gjeld dette detaljhande, faghandel, der ein tek med bilar i nokre samanhengar, og daglegvarehandel. Her syner tala ein betydeleg vekst på enkelte område i mellom anna julehandelen.

Til dømes var det ein vekst på 12,1 prosent innanfor faghandelen utanom bil i jula 2016. På klede var veksten på 9,4 prosent. Også på sommarstid byrjar det å sjå bra ut.

– I sommarhandelen ser me ein vekst på om lag 8 prosent innanfor lettare faghandel og klede. Sakte, men sikkert byrjar sommaren å ta seg opp, og den bør veksa endå meir dei neste tre–fire åra. Det er målet, seier Laberg.

BETRING: Sommarhandelen har historisk vore svak i Årdal, men er på betringens veg, fortel Terje Laberg.
BETRING: Sommarhandelen har historisk vore svak i Årdal, men er på betringens veg, fortel Terje Laberg.

Fleire tilreisande stoppar opp

Veksten om sommaren skuldast ikkje først og fremst at årdølene handlar meir, men at stadig fleire tilreisande stoppar opp og legg at kroner i bygda. 

– Sommarhandelen har historisk sett våre dårleg i Årdal, men no byrjar han å nærme seg julehandelen faktisk. Målet er uansett at me skal gå langt forbi fordi me har eit mykje større kundegrunnlag om sommaren.

Året sett under eitt er kanskje spesielt området bygg, hushaldning og møblar som blinkar seg ut. Laberg meiner det skuldast den nye møbelbutikken som vart etablert i fjor og trur Europris vil ha same type effekt.

– Det viser kor viktig det er å få slike type tilbod. Det gir utslag på handelen med ein gong.

Dette er naudsynt for vekst

No er utfordringa framover å gjere grep som får fleire til å stoppe opp og bruke pengar. Mellom anna er det starta eit prosjekt med det konkrete namnet «Stopp på torget». 

– Dette inneberer meir aktiv profilering, planlegging og å få på plass aktivitetar i sentrumsområda som generer folkemengde. Det er heilt naudsynt for å veksa vidare. Ein må profilere opp torget om sommaren, folk folk til å stoppe, bruke tid og pengar. Det er avgjerande for å veksa vidare. 

– Me veks ikkje ved å selja meir til våre eigne, for no ligg me på ein eigendel på nesten 80 prosent av omsetningen som årdølene står for. Det betyr ein lekkasje på berre 20 prosent, og då nærmar me oss det som er mogleg å få til. 

Til toppen