USIKKERT: Dagleg leiar i Handelsbygg er glad for eit positivt vedtak. Det betyr at Årdal får ny Europris-butikk neste år, men det er førebels uvisst kva andre butikkar som kjem i tillegg. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
USIKKERT: Dagleg leiar i Handelsbygg er glad for eit positivt vedtak. Det betyr at Årdal får ny Europris-butikk neste år, men det er førebels uvisst kva andre butikkar som kjem i tillegg. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Handelsbygg i dialog med to-tre aktørar

Men Tore Johan Arntzen vil ikkje seie noko om kva bransje og konsept det er snakk om skal kome i tillegg til Europris. 

Årdal: Torsdag sa eit klart fleirtal på 15 mot 6 representantar ja til å omregulere Hydroparken til næring. Det betyr at rundt mai-tider neste år vert første spadetak sett i jorda.

Blant folk har det heile tida vore snakka om at Europris var ein av butikkane, men det var først i haust at ein avtale med kjeda vart signert. Førebels er det den einaste som er signert også.

– For tidleg

– Det er for tidleg å seie. Det einaste eg kan stadfeste er Europris, og så er me i dialog med to-tre andre aktørar. Det er for tidleg å seie noko om kva bransje, kjede og konsept det er snakk om, seier Arntzen til Porten.no.

– Det vert stilt spørsmål om det er eksisterande arbeidsplassar som vert flytta hit. Stemmer det?

– Det kan vere både ja og nei. Me snakkar med kjeder som ikkje er i Årdal og har hatt dialog med kjeder i Årdal. Det er for tidleg å seie, legg han til. 

Artikkelen held fram under biletet.

TO-TRE BUTIKKAR: I tillegg til Europris vil det kome ein eller to butikkar til. Det er førebels usikkert kven desse vert.
TO-TRE BUTIKKAR: I tillegg til Europris vil det kome ein eller to butikkar til. Det er førebels usikkert kven desse vert.

Tess har ikkje konkrete planar om å flytte

Det spørsmålet stilte mellom anna Erling Offerdal (Sp) i møtet torsdag. Og då kom plutseleg Tess opp på bordet.

– Eg trur heller ikkje me vert sitjande att med så mange arbeidsplassar som det går fram fordi ein flyttar arbeidsplassar frå andre område, som Tess på Årdalstangen, sa Erling Offerdal (Sp), noko eit par av dei andre representantane reagerte på.

Porten.no kontakta driftsdirektør i Tess Nord, Stein Vatne, torsdag ettermiddag. Før første spørsmål var stilt, var svaret at han hadde ingen kommentar, men la etter kvart til:

– Me har ingen konkrete planar om å flytte, men me held augo opne for alt. 

– Ikkje uvanleg med engasjement

Førebels er det uvisst kven dei andre aktørane blir og om dei vil tilføre nye arbeidsplassar til kommunen. Men sikkert er det at innan jul 2017, står bygget klart til opning.

– Me er glad for eit positivt vedtak. Me har lagt mykje ressursar i dette, seier Arntzen.

– Ord som sirkus har blitt brukt for å skildre denne saka. Har de nokon vore innom tanken å pakke sakene og gløyme heile greia?

– Nei, det er ikkje uvanleg at planprosessar engasjerer. Det er bra med engasjement. Når ein jobbar med eigedomsutvikling, er det ofte lange løp. Hadde me ikkje fått det til no, kunne me fått det til om fire eller seks år.

Til toppen