TATT HØGDE FOR UTBYGGING: Handelsbygg har tatt høgde for ei potensiell Hydro-utviding i Hydroparken, fortel Egil Fredriksen. Montasje: Truls Grane Sylvarnes.
TATT HØGDE FOR UTBYGGING: Handelsbygg har tatt høgde for ei potensiell Hydro-utviding i Hydroparken, fortel Egil Fredriksen. Montasje: Truls Grane Sylvarnes.

Handelsbygget kjem ikkje i konflikt med eventuelle Hydro-planar

Fabrikksjefen seier dei må vurdere å stenge av heile området. 

Årdal: Tysdag kunne Porten.no fortelje at Tore Johan Arntzen, dagleg leiar i Handelsbygg, framleis har tru på ei etablering av Europris og ei til to andre verksemder i Hydroparken.

Fabrikksjef ved Årdal Metallverk, Egil Fredriksen, meiner dette er ei god løysing for alle partar. Det inkluderer eventuelle planar Hydro har for å setja opp ein ny hall som kan strekke seg ned i parken.

– Eit handelsbygg i Hydroparken kjem ikkje i konflikt med dette. Dette har me sjekka nøye, men me har ingen planar om å bygga på det området. Me er ikkje der i det heile, seier Fredriksen.

GJERDE INN: Fabrikksjef Egil Fredriksen vil vurdere å gjerde inn Hydroparken for å unngå potensielle uhell.
GJERDE INN: Fabrikksjef Egil Fredriksen vil vurdere å gjerde inn Hydroparken for å unngå potensielle uhell.

Menneskeskapt område

Han er lysten er på å selje området av fleire grunnar. Ein av dei er ansvaret Hydro sit med dersom eit uhell skulle skje i parken. Høge murar, bratte bakkar som ungar siglar på, tungtrafikk ved sidan av og ei elv som renn forbi er moglege faremoment.

Les også: Handelsbygg: – Me trur framleis at me skal få det til

– Det er grunneigar som har ansvar for eit område som er menneskeskapt, slik Hydroparken er, og me kan jo ikkje stille med vakter når dette er ope som eit friluftsområde. 

– Då må me gjerde inn området, spesielt akebakken. På toppen er det to vegar ned. Den eine er ein bratt bakke som fører rett i elva, og den risikoen kan ikkje me ta, understrekar han og viser til at store selskap som Hydro kan folk ha lett for å saksøke dersom uhellet skjer.

Sit med ansvaret

Advokat André Standberg i Codex, som sidan 1999 har jobbe med juridiske problemstillingar knytta til fast eigedoms rettsforhold, plan- og bygningsrett, entrepriserett, skjønn, kontraktsrett, leigerett og eigedomstransaksjonar, stadfestar at Hydro vil sitja med delar av ansvaret dersom noko skulle skje.

ANSVAR: André Standberg stadfestar at både Hydro og kommunen vil sitje med eit ansvar dersom eit uhell skjer i Hydroparken.
ANSVAR: André Standberg stadfestar at både Hydro og kommunen vil sitje med eit ansvar dersom eit uhell skjer i Hydroparken.

– Det følgjer av plan- og bygningslovas paragraf 31-3 at eigar av ein eigedom pliktar å halde byggverk og installasjonar som vert omfatta av lova i ein slik stand at det ikkje oppstår «fare for skade på, eller vesentleg ulempe for person, eigedom eller miljø». Viss ikkje denne plikta vert fulgt, kan kommunen gje eigar pålegg om sikring og istandsetjing. 

– Kommunen fører også tilsyn med eigedommar og ei generell plikt til å følgje opp ulovlegheiter. Med dette overordna ansvaret for eigedommar, byggverk og installasjonar, vil både kommunen og eigar av eigedommen, under visse føresetnader, kunne haldast ansvarleg dersom uhell skulle skje på området, seier han.

Kan gjerde inn området

Han fortel også at nettopp det faktum at Hydroparken er menneskeskapt er eit viktig moment for at ansvar skal oppstå. At føremålet med parken er å lage eit parkanlegg for ålmenta, slik det står skildra i reguleringsplanen frå 1996, er ikkje eit hinder for Hydro dersom dei vil setje opp eit gjerde rundt heile parken.

Les også: MDG og Ap skal samarbeide dei neste fire åra

– Dersom dette er eit relevant sikringstiltak, vil eigar ha lov til å gjerde inn området uavhengig av reguleringsplanen, seier Standberg vidare.

Vil finne gode løysingar for Årdal

Hydroparken er som kjend ikkje eit friområde, men eit spesialområde med parkbelte på industriområde. Dette ønskjer Handelsbygg å omregulere til forretning og detaljhandel, men det vil framleis vere ein del nord-aust i parken som er regulert til industri.

Artikkelen held fram under biletet.

PLASS: Det har vore snakk om at Hydro vil nytta delar av Hydroparken til å plassera ein hall, noko Handelsbygg har tatt høgde for i sin reguleringsplan som vart sendt på høyring i mars. Feltet som heiter BI bil bli regulert til industri.
PLASS: Det har vore snakk om at Hydro vil nytta delar av Hydroparken til å plassera ein hall, noko Handelsbygg har tatt høgde for i sin reguleringsplan som vart sendt på høyring i mars. Feltet som heiter BI bil bli regulert til industri.

Fredriksen fortel at dei no må gå i dialog med alle interessentar for å finna løysingar. 

Les også: – Hydroparken er best

– Me har eit ansvar. Sånn er jussen, sånn fungerer det, og det må me forholda oss til. Me håpar me klarar å finne gode løysingar for Årdal, seier han.

Konkurrerer i ein global marknad

På 90-talet var det store planar for Hydroparken. Det skulle setjast opp ei scene og lagast til eit basseng der ein førte vatn frå Utla inn i parken. Dette skulle vidare lyssetjast for å lage ein heilt spesiell inngangsport til verket. 

– Dette var planar som ikkje var forankra i det heile tatt i Hydro. Dei planane frå den tida var laga i heilt andre tider. Det var lokale planar som berre var teikningar. Desse kjem ikkje til å bli realisert, seier Fredriksen og ber folk sjå ut over kommunegrensene. 

– Me er eit verk som konkurrerer globalt. Me konkurrerer for framtidige investeringar og overleve i ein global marknad. Det må folk ta inn over seg. Ingenting er sjølvsagt. Det gjeld for både verket i Øvre og på karbon. Sånn er verda. 

Til toppen