MØTEST I DAG: Aleksander Øren Heen (Sp), Jan Geir Solheim (Sp), Arild Ingar Lægreid (Ap) og Kåre Mentz Lysne (Ap) deltek i dag på det andre av fire møte, der målet er å forhandle fram ein intensjonsavtale til ein storkommune. Biletet er tatt i samband med det første møtet i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MØTEST I DAG: Aleksander Øren Heen (Sp), Jan Geir Solheim (Sp), Arild Ingar Lægreid (Ap) og Kåre Mentz Lysne (Ap) deltek i dag på det andre av fire møte, der målet er å forhandle fram ein intensjonsavtale til ein storkommune. Biletet er tatt i samband med det første møtet i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Handlar mykje om kjensler

Fredag møtest dei seks kommunane for å halde fram arbeiet med ein intensjonsavtale.

Årdal/Lærdal: Arbeidet med å lage ein intensjonsavtale for Sogn kommune held fram fredag. Etter ein positiv start førre veka, er det meir konkrete ting rundt tenestetilbod som skal på bordet i dagens møte i Vik.

Det er allereie slått fast at ofte nytta tenester, som skular og sjukeheimar, skal ligga nær folk. Det betyr at ingen skal måtte flytte til ein ny plass for å få dette tilbodet.

Når det gjeld dei ikkje-stadbundne tenestene, er det meir ope for sentralisering til ein av tettstadane. Fredag skal tenestetilbod som barnehagar, skule, pleie og omsorg, tekniske tenester, landbruksforvalting, kultur og helse- og sosialtenester.

Kjensler spelar inn

Sistnemnde er noko Lærdal ønskjer å få til seg. Det gav Kåre Mentz Lysne (Ap) og Jan Geir Solheim (Sp) som sit i forhandlingsutvalet for kommunen, tydeleg uttrykk for i førre veke.

– Det er ikkje nokon løyndom at me vil styrke Lærdal på helse. Me snakkar eigentleg om helse og omsorg og at Sogn lokalmedisinske senter skal vera motoren i det. Eg føler at alle rundt bordet er ganske klare på at dei støttar opp om det, sa Kåre Mentz Lysne.

Då Arild Ingar Lægreid (Ap) og Aleksander Øren Heen (Sp) informerte formannskapet i Årdal om sitt arbeid tidlegare denne veka, måtte Lægreid vedgå at det handlar mykje om kjensler også.

– Dette handlar om å få på plass føringar for korleis kommunestrukturen kan sjå ut, men slik eg føler det sjølv, handlar det mykje om kjensler også, sa han.

Årdal har historie

Rådmann Olve Fossedal, som deltek på møta som sekretær, var klar i sin tale i formannskapsmøtet.

– Viss alle skal tene, er det feil utgangspunkt. Me må spørja oss sjølve om kva Årdal kan bidra med for å styrke Sogn, ikkje kva Årdal kjem best ut med. Det er sagt at regionsenteret skal ha det sentrale med ordførar og politiske liv, samt rådmann og staben hans, fortalte han.

– Og så kan ein leggje funksjonar rundt vurdert på kompetanse. Det er mange av desse faktorane som kan ikkje i Årdal fordi me har eit historisk grunnlag for det. 

Kan dukka opp nye konstellasjonar

Dei fire kommunane som deltar i forhandlingane utan om Årdal og Lærdal, er Balestrand, Vik, Sogndal og Leikanger. Luster har til dømes gitt tydeleg beskjed om at dei ikkje ønskjer samanslåing. 

Aurland derimot, som er ein aktuell kandidat for både Årdal og Lærdal, har utsett vedtaket sitt til 4. februar. Det betyr at dei ikkje rekk intensjonsavtalemøta. I staden skal dei i eit felles formannskapsmøte med Vik og Voss den 25. januar, er planen. 

– Det kan dukka opp ulike konstellasjonar undervegs i arbeidet. Me ønskte at Aurland skulle vera med, og eg vart litt overraska når dei sa dei ikkje ville det. Dei har ikkje gitt særlege signal om det i forkant, sa Lægreid.

Eit anna moment som skal opp til drøfting i dag er folkerøysting. Her kan det verke som at samtlege er einige om at dette er noko som må til før eit endeleg val. Det er planlagt at ei slik folkerøysting vil skje i mai, men då er det sjølvsagt gitt at det kjem på plass ein intensjonsavtale i forkant. 

Til toppen