MÅ VENTA TIL NOVEMBER: Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom må venta til november for å få svar på om planane deira om å etablera eit burettslag vert godkjende.
MÅ VENTA TIL NOVEMBER: Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom må venta til november for å få svar på om planane deira om å etablera eit burettslag vert godkjende. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Handsaminga av plansaka vart utsett – no må dei vente til november

Nye opplysningar kom inn i siste liten. Då bestemte kommunestyret seg for å utsetja plansaka.

Årdal: Mellom handsaminga i formannskapet og kommunestyret kom det inn opplysningar til plansaka i Storevegen 28, der Ole Vidar Øren frå Legal Eigedom og Greta Steinheim frå Årdal Boligbyggelag ønskjer å etablera eit burettslag.

Difor bestemte kommunestyret seg torsdag for å utsetja saka til november slik at det vert ein ordentleg gjennomgang av dei nye innspela og opplysningane. Berre Knut Arne Klingenberg frå Høgre røysta imot.

– Når det kjem mykje informasjon tett opptil handsaminga av ei slik sak, tener det saka at me stoppar opp. Eit splitta kommunestyre vil vera uheldig i ei slik sak, sa Aleksander Øren Heen (Sp) på talarstolen.

Usemje kring varelevering

Som Porten.no har omtalt tidlegare, er det først og fremst utfordringar knytt til varelevering som har vore det største bøygen for prosjektet. 

VARELEVERING: Det er usemje om korleis vareleveringa skal foregå. For utbyggjar er val av løysing heilt essensielt for om prosjektet deira vert realisert.
VARELEVERING: Det er usemje om korleis vareleveringa skal foregå. For utbyggjar er val av løysing heilt essensielt for om prosjektet deira vert realisert. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

Enkelt forklart ønskjer naboane at vareleveringa skal skje frå Storevegen via uteområda til burettslaget. Det meiner utbyggjar vil setja heile prosjektet i fare fordi det mellom anna ikkje vil vera mogleg å etablera eit uteområde og carportar på plassen. 

Utbyggjar meiner difor at vareleveringa skal skje som før via Parkvegen og Fridtjof Nansens veg, men i staden for å køyre ut att same vegen, skal lastebilane fortsette rett fram over gågata til Jotunvegen.

Nye opplysningar

Når saka no vert utsett, er det med bakgrunn i den supplerande informasjonen knytt til nettopp vareleveringa samt at kommunen ønskjer noko meir dialog om innhaldet og løysingane i planen med dei som bur i området, forklarar sakshandsamar Johannes Henrik Myrmel.

– Det er to ting, og begge er knytt til vareleveringa. Det eine er at det er kome spørsmål om det mogleg å rygga inn frå Storevegen mellom bygningsmassen. Det andre er at sporingskurvene som fulgte løysingsforslaget gjekk utanfor regulert offentleg trafikkområde, forklarar han. 

– Saka har jo vore ute på høyring. Burde ikkje dette ha kome fram i den fasen?

– Det er ikkje noko i vegen for at kommunen vel å stoppa opp og jobba litt vidare med dei merknadene som har kome inn. Det er berre ein del av plan- og bygningslova til behandlingssystem.

Utfordringar

I møtet forklarte rådmann Olve Fossedal at det har skjedd ting i området etter at reguleringsplanen frå 1996 vart vedteken som har skapt ein del av utfordringane ein no har.

– Etter at planen vart vedteken i 1996 vart det søkt og gjeve løyve til oppføring av bygningsdel med heis og trapp. Ein liten del av dette tiltaket er slik det var omsøkt, plassert innanfor regulert gågate. Det er den bygningsdelen som gjer det utfordrande å kome fram gjennom området ved varelevering, slik planen frå 1996 føreset og legg til rette for, utdjupar Myrmel.

Då Porten.no snakka med Ole Vidar Øren torsdag etter møtet i kommunestyret, ville han ikkje gi nokon kommentar til utsetjinga. 

No er politikarane opptekne av at kommunen har ein god dialog med dei involverte aktørane fram til saka skal opp til ny handsaming i november, først i formannskapet, deretter i kommunestyret 30. november.

Til toppen