TIL ÅRDAL: I oktober kjem Morten Abel til Bakeriet i samband med utgjevinga av sitt nye album. Foto: Instagram/Morten Abel.
TIL ÅRDAL: I oktober kjem Morten Abel til Bakeriet i samband med utgjevinga av sitt nye album. Foto: Instagram/Morten Abel.

Hankar inn nok ein storfisk på Bakeriet

I oktober kjem Morten Abel til Årdal og Bakeriet.

Årdal: I mars slapp Morten Abel sitt nyaste album «I fullt alvor». I oktober kjem han til Årdal for framføra frå albummet. 

– Billettane har allereie byrja å flyga ut, seier Magne Brun, ein av dei som står bak bygdas nye rockescene Bakeriet.

Abel skriv seg inn i rekka av relativt store fiskar som har gjesta den same rockescena sidan ho opna i samband med Påskerock i år. 

– Han er kanskje Noregs beste artist, og ein alle i Årdal har eit forhold til gjennom Mods, og som folk har følgt opp gjennom i September When og alt det andre. 

Ny kulturarena

Kulturkvardagen i Årdal har endra seg drastisk sidan Bakeriet kom på plass. I tillegg til at både Utla Café og Bar og Tya har gitt folk fleire utelivstilbod, er det plutseleg blitt eit langt større konsertspekter i bygda.

– Til einkvar tid skal me prøva å få tak i gode artistar. Bakeriet kan brukast til alt mogleg, og artistane skryt voldsomt av kor godt dei blir mottekne og behandla. 

– Dette er ein ny kulturarena. Når det er slik at artistar ringer og ber om å få spela, og du seier dei må stå på vent, så... Me vil ikkje ha konsert for ofte slik at det blir brukt opp, seier Brun og oppmodar folk om å kjøpe billettar på Samhold.

Belfast Lads og Bjølsen Valsemølle

Abel har ei rik artistkarriere bak seg og fekk blant anna tildelt heidersprisen under fjorårets Spellemann. Sidan albumsleppet har han spelt fleire plassar og fått god kritikk. 

Men det er ikkje berre han som kjem til Årdal i løpet av hausten. Allereie i slutten av september spelar Belfast Lads på Bakeriet, og sidan Bjølsen Valsemølle trivdes så godt sist dei var å spelte her før sommaren, har dei bedt om å få koma tilbake ein gong til i november, opplyser Brun. 

Til toppen