GULLVINNAR: Hanne Eide (20) gjekk heilt til topps i klassen debutant i Bikini fitness under årets Sandefjord Open.
GULLVINNAR: Hanne Eide (20) gjekk heilt til topps i klassen debutant i Bikini fitness under årets Sandefjord Open. (Foto: Privat)

Hanne (20) stakk av med gullet under bikinifitness-debut: – Vart heilt sjokkert

I helga debuterte  Hanne Eide i bikinifitness i konkurransen Sandefjord Open. Det vart ei minnerik oppleving for årdølen.

Bergen / Sandefjord: – Då me stod på scena under kåringa var eg klar for å ta i mot andreplassen, men då dei las opp namnet til den andre jenta i staden byrja eg å grina. Eg skjønte ingenting, eg vart heilt sjokkert, seier den ferske gullvinnaren til Porten.no.  

View this post on Instagram

Tom for ord 😭😭🥇🏆

A post shared by Hanne Eide (@hanneidee) on

Sundag stod Eide på scena i finalen av Sandefjord Open. På vegen dit har ho lagt bak seg år og månader med hardtrening og diett.

Sceneopptreden er det ho synast har vore vanskelegast igjennom oppkøyringa til konkurransen. Ho har øvd mykje på posering saman med teamet Lewel Ultimate, og trenaren Sandra Jokic, tidlegare verdsmeister i bikinifitness. 

Frå sjukdom til gull

I 2017 fekk Eide blodpropp i hjernen og vart alvorleg sjuk, og slik starta interessa for sporten. Eit år seinare starta ho med bikinifitness, og sundag gjekk ho av med gullet i sin første konkurranse i klassen debutant.

– Det var deilig å endeleg koma i mål!, seier ho smørblid, og fortel at oppkøyringa til konkurransen har vore hard. 

TEAM: Eide (t.v.) saman med sin trenar Sandra Jokic, tidlegare verdsmeister i bikinifitness. Foto: Privat

Årdølen fortel at ho er stolt over eigen prestasjon i Sandefjord, og at no jobbar fram mot neste konkurranse, nemleg Oslo Grand Prix. Der skal ho konkurrera i klassen junior 23.

Eide er med i eit team kalla Lewel Ultimates og har eigen trenar, tidlegare verdsmeister i bikinifitness, Sandra Jokic. Fram mot neste konkurranse har ho fått beskjed om å halda fram slik som no, som tyder trening kvar dag og ny diett. 

– Eg er veldig spent på Oslo Grand Prix, det er ein mykje større konkurranse. Vener frå Bergen skal ta turen for å sjå på, så det blir nok litt feiring etterpå. 

Konkurransen i Oslo er årets siste, så etter dei tre neste vekene skal Eide slappa litt av. 

– Trena kjem eg til å gjera like mykje, men etter Oslo Grand Prix gler eg meg til å eta litt meir av det eg vil, og i mai blir det ferie til Tyrkia kor eg berre skal slappe av. 

Feira med festmåltid

PÅ SCENA: Eide har øvd mykje på posering og sceneopptreden saman med teamet i Lewel Ultimate. Foto: Privat

Konkurransen, som gjekk over to dagar, laurdag og sundag, består av mange ulike greiner og klassar. Innan bikinifitness er dei ulike klassane debutant, junior 23, senior. I tillegg er det fleire greiner som mellom anna Body building og Body fitness. 

– Det er mange svoltne og trøtte sjeler samla på ein stad, heilt fram til opptreden då glinsa alle saman, ler ho. 

Etter sigeren sundag kveld, tillot årdølen seg eit sokalla «cheat meal», der ho åt akkurat kva ho ville. På menyen var det hamburger, pizza, kanelbolle, iskrem, sjokolade, milkshake og chips.

– Det gjekk på rundgang frå eg køyrte frå Sandefjord til eg parkerte i Bergen. Så det vart ei søvnlaus natt med mykje vondt i magen, seier ho og legg til:

– Det vart overskot på jobb i dag!

Til toppen