TIL SOGN: I november kjem Hanne Boel til Sogn og Sogndal kulturhus, opplyser Fjordane Musikkforum i ei pressemelding. Foto: Presse.
TIL SOGN: I november kjem Hanne Boel til Sogn og Sogndal kulturhus, opplyser Fjordane Musikkforum i ei pressemelding. Foto: Presse.

Hanne Boel kjem til Sogndal

Ein av Danmarks største artistar kjem til Sogndal.

Sogndal: Hanne Boel gjestar Sogndal kulturhus i november når ho skal ut på sin turné, melder Fjordane Musikkforum. 

Med seg på lasset har ho musikken som gjorde ho til allemannseige med låtar som «Don't know much about love», «Black Wolf», «Talk it out» og «Light in your heart». 

Det er likevel ikkje ei nostalgisk reise. Hanne Boel gjer også nye tolkingar av låtane og kombinerer det med andre av hennar songar som står hennar hjarte nærast.

– Dette vert framført på ein måte som Hanne Boel sine mange fans vil nikke gjenkjennande til. Det er soul, det er blues, det er jazz – det er simpelthen Hanne Boel, heiter det i pressemeldinga. 

Etter å ha gitt ut 16 plater har Boel eit stort publikum i Noreg. Platene har seld meir enn éin million eksemplar og gjort fleire tusen konsertar rundt omkring i heile Europa. 

Med seg til Sogndal har ho gitaristane Jens Runge og Jacob Funch.

Til toppen