Årdal: I regi av Ungt Entreprenørskap skal tretti unge talent få følge kvar sin toppleiar neste torsdag. Kommunalminister Jan Tore Sanner, NHO-president Arvid Moss, børsdirektør Bente Landsnes og ballettdirektør Ida Lorentzen er blant leiarane som får ein ungdom som skugge denne dagen.

Over 12 000 dreiv ungdoms- og studentbedrift førre skuleår. Prestasjonane som dagleg leiar i ShoeSaver sikra Hans Skogli ein plass blant dei tretti heldige.
– Eg tykte det var utruleg kjekt og lærerikt å driva ungdomsbedrift og å bli valt ut til Leiar for ein dag er ei stor æra. Det blir spennande og eg gler meg til å tilbringa dagen med Sturla Henriksen, sier han i ei pressemelding frå Ungt Entreprenørskap.
ShoeSavers har vunne prisar på rekke og rad for deira innsats for å redde fottøyet til landets festivalgjengarar. I mars vart dei kåra til beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane og i NM var dei blant dei åtte som fekk utmerking av juryen i hovudategorien «Norges beste ungdomsbedrift».
– Skipsfarten er ei innovativ næring og vi er heilt avhengige av å løfte fram nye talent. Då er det ekstra spennende å møte unge som gjennom ungdomsbedriftene sine har turt å utfordre seg sjølv litt ekstra. Erfaringa og kompetansen dei får med seg frå desse prosjekta er gull verdt for næringslivet, sier Sturla Henriksen, administrerende direktør i Norges Reiarforbund, i pressemeldinga.
I ei tidlegare utgåve av saka var administrerande direktør Sturla Henriksen kreditert med eit anna sitat. Det viste seg at det ikkje hadde blitt avklara med opphavsmannen, så det er no endra.