TRUR OG HÅPAR: Vêrmeldar på TV2, Eli Kari Gjengedal, håpar og trur på kvit jul. Privat foto
TRUR OG HÅPAR: Vêrmeldar på TV2, Eli Kari Gjengedal, håpar og trur på kvit jul. Privat foto

– Håp i hengande snøre for kvit jul

Dei neste tre døgna kan det bli inntil 200 millimeter nedbør lokalt i fylket og det er fare for jordras. Men så skal det bli kaldare og meir stabilt. Eli Kari Gjengedal både melder og spår vêret fram mot jul. 

Fylket: – Over dei tre neste dagen kjem det veldig mykje nedbør lokalt, mellom anna i Sogn og Fjordane. Ein veit jo ikkje akkurat kvar det klaskar mest ned, men på dei verste plassane kan det vera snakk om åtti millimeter onsdag, sytti torsdag og seksti fredag, fortel vêrmeldar på TV2 Eli Kari Gjengedal.

Det vil seia rundt 200 millimeter på tre dagar. Og slikt kan få følgjer:

– Det er fare for jordskred, men truleg ikkje flaum, seier Gjengedal.

– Er det snakk om ekstremvêr?

– Det er ikkje sagt ekstremvêr førebels. Me får lågtrykk inn frå Atlanterhavet, det blir front på front på front. Og dag etter dag med slikt vêr er ofte konsekvensane ras, særskild i fylker med bratt lende som Sogn og Fjordane -  jorda blir metta med vatn. Så ein må vera obs og bør helst ikkje legga ut på lange turar desse dagane.

Kraftig «kakelinne»?

I tillegg til mykje nedbør blir det svært mildt - på plussida opp i 1500 meter over havet. NVE har også sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare, gult nivå.

Det milde vêret gjer at glatte vegar ikkje skulle bli noko problem.

– Det er ganske høgt før ein kjem opp i snø, men noko snødrev kan koma på dei høgaste fjellovergangane.  Her vil det kunne blåsa kuling, og det vil blåsa ein del på kysten. Likevel er nok faren for jordras det største problemet desse dagane.

Omgrepet «kakelinne» blir gjerne brukt om slike periodar med mildt, vått vêr før jul. Folketrua før i tida gjekk på at det vart baka så mykje i heimane før jul at varmen frå bakaromnane spreidde seg utover og smelta det som måtte vera av snø så det byrja å dryppa.

– Det kan godt vera at me snakkar om ei kraftig «kakelinne», ja, seier Gjengedal.

– Den forsvann ikkje med induksjonskomfyrane, altså?

– Nei, det kan du seia. Faktum er at statistikken viser at me får desse store, vandrande lågtrykka frå Atlanteren innover landet før jul. «Kakelinne» er eit folkloristisk omgrep, men folkestatistikken viser at det nok var «mykje vêr» før jul også før i tida, sjølv om forklaringa nok ikkje er all bakinga men desse lågtrykka frå Atlanteren.

Artikkelen held fram under biletet

RUSKE: Onsdag til fredag blir det skikkeleg ruskevêr frå Trøndelag sør til Sogn og Fjordane. Ikkje så galen vind, rett nok - men svært blautt og fare for jordskred. Privat foto
RUSKE: Onsdag til fredag blir det skikkeleg ruskevêr frå Trøndelag sør til Sogn og Fjordane. Ikkje så galen vind, rett nok - men svært blautt og fare for jordskred. Privat foto

Det ligg an til kvit jul - men prognosane har vorte meir usikre

Så, i løpet av helga roar vêret seg, og det blir ein kjølegare, meir stabil vêrtype. Då er naturlegvis spørsmålet Gjengedal og alle andre vêrmeldarar og meterologar blir dynga ned med på denne tida av året; får me ei kvit jul?

– I TV2 var me tidleg ute i oktober og spekulerte i om me får ei kvit jul i år. Ulike klimatologiske observasjonar som lite polis og mykje snø i Sibir i haust plar å bety kaldt vêr i slutten av desember. I tillegg hadde me den lange kuldeperiode i oktober her til lands, og då er det gjerne slik at den gjentek seg rundt juletider. Får me då inn litt nedbør kan jula bli kvit.

Gjengedal forklarar at grunnen til det siste er ein «slakk» jetstraum. Då blir systema liggjande lenger og vêret meir stabilt.

– Eg snakka med ein av meteorologane våre då me bikka over i desember og då vurderte han det til  70-75 prosent sannsyn for kjøleg vêr inn mot jul. Så snakka eg med han att i går, og då sa han det var litt større sjanse for mildvêr. Me får berre sjå, men eg klamrar meg fast til at kulda som skal koma no over helga varar framover. Det er vel håp i eit hengande snøre for kvit jul.

I heftig krangel med mannen om rognebærbusker

Slik ser altså vêrmeldingane ut dei komande vekene. For ein ting understrekar meteorologar og vêrmeldarar kjapt når journalistar er upresiste med spørsmåla sine; dei melder vêr, dei spår ikkje.  

Gjengedal frå Leikanger veit likevel litt meir om spådommar knytt til vêret enn vêrmeldarar flest. Ho gav i 2010 ut boka «Etter regn kommer sol - værtegn fra hele landet». I boka kjem ho med forklaringar på dei gamle vêrteikna utifrå sunt folkevit.

Eitt av teikna er at lite rognebær på hausten betyr mykje snø til vinteren og omvendt. Og Gjengedal meiner at dette teiknet i år spår, eller peikar mot, kvit jul. 

– Eg har nokre faste rognebærbusker både på Vest- og Austlandet som eg stolar på. Og på desse var det litt mindre bær i haust enn i år fjor haust. Eg hadde ein heftig krangel med mannen min om dette - han meinte det berre var tull at desse buskene hadde mindre bær enn i fjor. Men eg hadde teke bilete frå begge haustane og han måtte nok pent konstatera at det var litt mindre rognebær i haust.

– Smart tre som ikkje vil bera tung bør to gonger

– Korleis forklarar du dette vêrteiknet med sunt folkevit?

– Rognebærtrea varierer lokalt - du kan vera sikker på at det er nokon i ei bygd ein annan plass som seier; nei, her er det annleis. Det er jo det som er så artig med vêrteikna, dei engasjerer. Men mi forklaring er at desse trea er smarte og ikkje vil bera ei tung bør to gonger. Eg bør rett nok sikkert vera litt forsiktig med å seia for mykje om julesnøen basert på vêrteikna etter den grandiose bommen me hadde på TV2 i sommar.

Då spådde dei ein god sommar på Vestlandet utifrå bjørkespretten.

– At den ikkje slo til kan me vera einige om. Men eg må få seia at eg trefte på vêret dei fire somrane før ved å nytta vêrteikna, så då må det vera lov å bomma på det femte året. 

Til toppen