AUTOMATISK BETALING: Statens vegvesen jobbar med å få på plass Autopass på ferjesambandet Fodnes-Mannheller, som er ei betalingsbrikke som mellom anna blir nytta til betaling av bompengar. Arkivfoto
AUTOMATISK BETALING: Statens vegvesen jobbar med å få på plass Autopass på ferjesambandet Fodnes-Mannheller, som er ei betalingsbrikke som mellom anna blir nytta til betaling av bompengar. Arkivfoto

Håpar å få på plass Autopass

Statens vegvesen jobber med å få til betalingsbrikke på ferjesambandet Fodnes-Mannheller. 

Til no er det ikkje ei løysing for automatisk betaling med brikke, såkalla Autopass, på sambandet Fodnes-Manheller.

Det var i hovudutvalet for samferdel tysdag at Anders Sæternes, i Statens vegvesen region Vest, orienterte om ferjedrifta. Ifølgje Sogn Avis håpar Sæternes å få på plass betalingsbrikke på ferjesambandet seint hausten 2016. Det er noko som er lagt inn i anbodet Fjord1 har på Fodnes-Mannheller, som går ut desember 2018, med opsjon på eitt ekstra år. 

Det er dei to ferjene MF Lifjord og MF Sogn som skal gå på strekninga frå 1. januar 2016. 

Til toppen