STOPPAR HER: Gang- og sykkelstien stoppar i dag på Bøen, midt mellom Aurland og Flåm. Kommunen håpar no på statleg drahjelp til vidareføringa av turvegen heilt inn til Aurland sentrum. 
STOPPAR HER: Gang- og sykkelstien stoppar i dag på Bøen, midt mellom Aurland og Flåm. Kommunen håpar no på statleg drahjelp til vidareføringa av turvegen heilt inn til Aurland sentrum. 

Håpar å få statlege klimakroner til turveg i Aurland​

Klimasøknad kan utløyse millionsum til etterlengta turveg mellom Aurland og Flåm.

Aurland: For over tjue år sidan vart massane frå Lærdalstunnelen brukt til å byggje ein gang- og sykkelsti frå Flåm og halvvegs til Aurland. No ser kommunen etter pengar som kan finansiere den siste halvdelen og her kan statlege klimakroner komme godt med.

Klimasats er ei støtteordning for kommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og vise veg mot nullutsleppssamfunnet. I 2017 er det sett av 150 millionar kroner og det er ein del av denne potten Aurland kommune ønskjer å slå kloa i.

–​ Me meiner dette er eit viktig prosjekt. Det eine er folkehelsa, det andre er miljøaspektet. Mange pendlar i dag mellom Aurland og Flåm, men å sykle eller gå er ikkje noko alternativ på grunn av stor trafikk. Det må me gjera noko med, seier Noralv Distad.

Les også: Leitar etter pengar til sykkelstien mellom Flåm og Aurland

Eit positivt svar på søknaden vil utløyse opp til 7,5 millionar, sjølv om det vil vere å håpe på mykje. I fjor fekk fire prosjekt frå fylket til saman 4,3 millionar kroner i støtte gjennom ordninga, blant dei Sogndal som ønskjer å byggje ein gang- og sykkelsti på Kaupanger.

Til toppen