SNART KLART: Leiar i IL Jotun, Arnt Moen, fortel at dei håpar å ha på plass ein ny trenar for seniorhandballen i løpet av kort tid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SNART KLART: Leiar i IL Jotun, Arnt Moen, fortel at dei håpar å ha på plass ein ny trenar for seniorhandballen i løpet av kort tid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Håpar å ha ny trenar på plass snart

Jotun/Årdalstangen handball står for tida utan trenar til seniorlaget etter at kontrakten med Olafur Sveinsson gjekk ut 1. mai.

Årdal: Sidan då har handballstyret jobba med å få på plass ei trenarløysing. Ifølgje leiar i IL Jotun, Arnt Moen, kan det skje snart.

– Dei har jobba med nokre alternativ, men ikkje kome i mål med å få på plass ein trenar. Det håpar dei å få til i løpet av nokre veker, seier han.

Moen vil ikkje gå ut med kva namn dei har på blokka før dei har fått snakka skikkeleg med personane. 

Ønskjer ikkje løna trenar meir

På få år har det gått nedover med handballen i Årdal frå 2. divisjon til 4. divisjon førre sesong. Der enda det med ein 2. plass etter ei pangopning på sesongen.

Også i fjor gjekk klubben ut på trenarjakt før det vart bestemt at Sveinsson skulle halde fram ein sesong til. Islendingen har hatt kontrakt som løna trenar. Tidlegare har idrettslaget uttalt at dei no ikkje lenger ønskjer å ha løna trenar.

– Utgangspunktet er at me ønskjer ei løysing der ein ikkje har lønsavtale med trenarane, så då dreier det seg om å finna nokon som vil ta på seg trenargjerninga i tillegg til eigen jobb, fortel Moen.

Handballstyret er på plass

Ein ting er iallfall på plass, og det er eit skikkeleg handballstyre. Heilt sidan i fjor har det mellom anna mangla ein leiar og nestleiar. No er det klart at Gunnar Huse vert leiar.

– No har me eit velfungerande styre, og det er veldig bra. Då har dei eit godt utgangspunkt for å få god drift i handballgruppa og skapa eit godt tilbod.

Til toppen