OPNAR SØNDAG: Uvêr i fjellet førte til at Tindevegen vart stengt fredag ettermiddag. Tindevegen skriv at dei håpar å opna vegen søndag. Foto: Olav Vee.
OPNAR SØNDAG: Uvêr i fjellet førte til at Tindevegen vart stengt fredag ettermiddag. Tindevegen skriv at dei håpar å opna vegen søndag. Foto: Olav Vee.

– Håpar å opne Tindevegen att søndag​

Uvêr stengte fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø.

Årdal: Fredag ettermiddag vart Tindevegen stengt på grunn av uvêr. Det om lag tre mil lange fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø opna for sesongen onsdag denne veka.

Meldinga i går var at dei kom til å gjere ei ny vurdering laurdag føremiddag. No pågår snøryddinga.

– Me håpar å kunne åpne att på morgonen eller tidleg føremiddag, søndag 1. mai. Med forbehold, skriv Tindevegen på si Facebook-side.

Denne helga vert High Camp arrangert på Turtagrø, og fleire hundre menneske deltek på dette arrangementet.

 

Til toppen