Folkehjelpen i Årdal har mange forskjellige oppgåver. Gruppa har oppgåver som blant anna redningsoppdrag, beredskapsvakt og sanitetsvakter. Onsdag held dei eit informasjonsmøte der også nye medlem er velkommen.
Kjell Arne Solheim seier det er mange grunnar til å melde seg inn i Folkehjelpen, og at trekkplasteret har vore at ein får opplæring snøskuterkøyring.

– Som medlem får ein bli med i ei ressursgruppe for bygda vår. Ein får opplæring i førstehjelp, sanitet og redning. Så har vi den mest populære grunnen, som er at ein får opplæring i å køyre snøskuter. Naturen og friluftsliv er også ein god grunn til å melde seg inn.
Vil ha med ungdommar
Solheim fortel at alle frå alderen 16 år og oppover er velkommen:
– Me er ute etter personar frå 16 år og oppover. For å vera aktiv medlem må ein ikkje delta på alle aktivitetar laget driv med.
– Laget har ulike aktivitetar gjennom året. Nokon er meir interessert i redning og det som skjer i fjellet, mens andre er meir interessert i sanitetsvakter på ulike arrangement.
Han legg også til at om ein er nysgjerrig er det berre å møte opp på onsdag.