NY EMBALLASJE: For å skilja seg godt ut i grønsaksdisken har Lærdal Grønt fått ny emballasje, slik dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal syner fram. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY EMBALLASJE: For å skilja seg godt ut i grønsaksdisken har Lærdal Grønt fått ny emballasje, slik dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal syner fram. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Håpar å skilja seg ut i grønsaksdisken med ny emballasje

No ser du tydeleg kva produkt Lærdal Grønt tilbyr i grønsaksdisken.

Lærdal: Heilt sidan slutten av førre sesong har Lærdal Grønt jobba med tanken å skaffa seg sin eigen emballasje.

Etter ein del rundar, der dei for det første måtte selja ideen inn for å få lov til å jobba med det, samt godkjenning og arbeid ilag med designbyrå, er resultatet no klart og skal testast denne sesongen.

– Me konkurrerer i grønsaksdisken også, så for å sørgja for at folk vel våre produkt framfor andre, tenkte me å tøffa produkta våre litt. Då byrja me jobba med eigen emballasje, som me testar ut i Rema 1000-butikkane i Bergen og i nokre Coop-butikkar her i Sogn og Fjordane, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.

Han fortel at det har vore ein litt vanskeleg prosess å få lov til å bruka eigen emballasje.

– Det er det som er det vanskelege, å få bruka eigen emballasje i dei store systema, men det har gått greitt. Me har hatt nokre gode medhjelparar som meinte det er ein god idé. Dei er også interessert i å auka salet, så det er vinn-vinn-situasjon. Eg trur det blir bra. 

Ifølgje Mundal har det kosta ein del å utarbeida dette her, men det føler han det er verdt. Produkta som har fått ny emballasje er poteter, gulrøtter og litt moreller.

– Eg er godt nøgd med sluttresultatet, og så håpar me salet står i stil med investeringar, smiler han.

Til toppen