NYTT KONSEPT: Først var planen å byggja ei stor blokk med atten leilegheiet på Solhammar - no ligg det an til å bli ein fire- og ein seksmannsbustad. (Omgjevnadane rundt er ikkje frå Solhammar på denne teikninga)
NYTT KONSEPT: Først var planen å byggja ei stor blokk med atten leilegheiet på Solhammar - no ligg det an til å bli ein fire- og ein seksmannsbustad. (Omgjevnadane rundt er ikkje frå Solhammar på denne teikninga) (Bilde: Nordbohus)

Håpar å starta bygging på Solhammar i oktober

Magne Forberg har måtte dimensjonert ned bustadprosjektet, men i oktober skal bygginga av ein firemannsbustad starta opp slik det ser ut no.

Aurland: - Det blir færre leilegheiter og i ei litt anna form. No legg me opp til ein fire- og ein seksmannsbustad. Det er utelukkande av prismessig omsyn, me fekk tilbakemeldingar etter første runden om at prisnivået var for høgt for mange. Då har eg som investor prøvd å tilpassa prosjektet etter marknaden, seier Forberg.

 Utgangspunktet var til saman atten leilegheiter, no blir det ti. Forberg fortel interessa for det nye prosjektet har vore bra, men enno kan det kome skjer i sjøen som kan seinka eller verste fall så prosjektet må skrinleggjast

- No har eg fire unge par som ønskjer å gå for dette, så det er gledeleg. Fleire er interesserte. Så planen er at me set i gang allereie i oktober med firemannsbustaden.

Artikkelen held fram under kartet

SITUASJONSPLAN: Slik vil seks- og firemannsbustaden liggja i terrenget.
SITUASJONSPLAN: Slik vil seks- og firemannsbustaden liggja i terrenget.

 

- Uheldig måte å skatteleggja på

Eit fordyrande element som har kome til er at Aurland kommune før jul innførte sokalla anleggsbidrag. I rådmannen sitt saksframlegg står det å lesa at dette feltet skal byggjast ut etter sjølvkostprinsippet. Anleggsbidraget som utbyggjar må betala skal dekkja deler av infrastrukturen i feltet , som veg, vatn og kloakk. Det fører til at Forberg må spytta i 200 000 kroner per eining til kommunen.

 - Dette er noko som i praksis aldri er nytta i Aurland kommune før, og eg meiner det er ein svært uheldig måte å skattleggja enkeltpersonar på, attpå til når det er unge som ønskjer å busetje seg i kommunen. Men fordi tomta mi er ein del av eit kommunalt byggjefelt, blir dette kostnader som kjøparane må betala. Det påverkar ikkje mi avgjerd i høve prosjektet nemneverdig, men det fordyrer prosjektet med nær ti prosent per bueining, seier han.

- Ellers må eg seia at ordførar Noralv Distad hadde eit særs godt poeng når han minna om at det var utfordrande å byggja grunna brattlendt terreng. Dei finaste tomtene i Aurland er utbygde allereie, sa han og enno meir undrande blir eg over kommunestyret sitt vedtak i desember 2016. Etter mitt syn bør kommunen gå bort frå vedtaket om anleggsbidrag og ikkje senda rekninga til dei som ønskjer å byggja.

Politikarar i stuss

Til formannskapet torsdag hadde han også sendt eit innspel til kommunen med ei rekkje spørsmål som gjekk hovudsakleg på kva signal det sende til særskild ungdom å innføra ein slik ekstra kostnad. I innspelet oppmodar han politikarane om å droppa anleggsbidraget.

"Bustadbygging med infrastruktur er kostnader som må dekkjast gjennom fellesskapet med tilknytingsavgifter og kommunale avgifter som i dag", skriv han.

- Det er eit heilt vanleg prinsipp med sjølvkost i Noregs kommunar, og anleggsbidraget går innunder dette. Eg ser ikkje nokon grunn til å vedta ei endring på noko som vart vedteke rett før jul. Då bør det i så fall koma opp som ei anna type sak som ligg på meir overordna plan, sa rådmann Steinar Søgaard om saka i formannskapet.

I brevet til politikarane er Forberg likevel klar på at mange kommunar ikkje har dette prinsippet, mellom andre Lærdal kommune, Voss kommune og Eidfjord Kommune.

Politikarane var litt i stuss; Leiv Jarle Bergheim (Ap) tykte Forberg stilte mange gode spørsmål, men påpeikte at sidan det var kommunestyret som hadde innført anleggsbidraget måtte i så fall også kommunestyret oppheva det.

Vil søkja om tilskot

I STUSS: Monica Gjesdal Larsen (MDG) og Sturle Ryum (Sp)
I STUSS: Monica Gjesdal Larsen (MDG) og Sturle Ryum (Sp) Foto: Ole Ramshus Sælthun

Monica Gjesdal Larsen (MDG) meinte saka burde vurderast nærare og lurde på om det kunne vera greitt å utsetja saka. Sturle Ryum (Sp) sa følgjande:

- Dette er vel berre første gongen me får sett korleis vedtaket og prinsippet fungerer i prakisis. Me kan ikkje gjera det på så fælt anna måte.

Ryum nemnde også på at Forberg har høve til å søkja om tilskot til spreidd bustadbygging, der utbyggjarar kan få inntil 200 000 kroner.

- Så det har eg tenkt å nytta meg av, seier Forberg

Rådmannen si tilråding i saka var at anleggsbidraget skal vera på 169 000 kroner per eining når det er snakk om rekkjehus og 423 000 kroner når det er einebustad. I tillegg kjem ein variabel pris på 335 kroner per kvadratmeter, det vil seia 33 500 kroner om det er snakk om ein bustad på 100 kvadratmeter.

Noralv Distad, ordførar, sa følgjande før han klubba rådmannen sitt framlegg samrøystes:

- Eg ser ingen andre framlegg, men registrerer eit visst ønskje om ei sak om bustapolitiske verkemiddel på meir generelt plan. Og at det ikkje bør bli altfor lenge til den kjem.

Til toppen