FORSTERKAR: Kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde har fått fire nye spelarar frå Kaupanger til årets sesong. Arkivfoto
FORSTERKAR: Kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde har fått fire nye spelarar frå Kaupanger til årets sesong. Arkivfoto

Håpar å stilla med eit enno sterkare lag

Med fire nysigneringar frå Syril og at det førebels ser ut som få kjem til å forsvinna, trur kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde på eit enno sterkare lag komande sesong  

– Me har fått fire ulike fotballspelarar med kvar sine gode eigenskapar, seier Lindesteg Rinde

Dei fire Sogn Avis har omtala er Stine Gjerde, Andrea Henjesand, Kristi Vangsnes og Siv Hickmann - alle 16 år med unntak av Henjesend, som er 15.

– Me har eit godt samarbeid med Syril og veit kva me får. Kaupanger der det naturlege steget vidare for desse, seier Lindesteg Rinde.

I alle posisjonar

Han omtalar Gjerde som ein midtstoppar med eit voldsamt engasjement - ein leiartype som er tøff i dusllspelet som han ser fram til å utvikla vidare.

Kristi Vangsnes spelar på midtbana, balanserer godt er god med ball og også ein leiartype.

 – Henjesand kan spela både back og midtbane - ho er teknisk god. Hickman er spiss, typisk "target-woman".

– Forsvinn det spelarar frå dykk?

– Ikkje førebels, men det er naturleg at nokre går ut. Rebekka og Synnøve Skaasheim vil kanskje flytta på seg, elles trur eg alle er med vidare slik det ser ut no. Dette veit me meir om på nyåret. Generelt er det viktig at spelarane blir verande over tid i Kaupanger, at dei ikkje forsvinn etter eitr halvt år.

– Treng meir stabil vårsesong

– Får du eit sterkare lag enn i sesongen som har vore?   

– Det kjem jo an på kven som reiser ut, men om det ikkje bli så mange har eg god tru på det. No har me desse fire nye og me er eitt år eldre så me kan byggja vidare på relasjonane.

2016-sesongen vart berre nesten for Kaupanger - opprykket til 1.divisjon glapp i siste kamp etter ein fantastisk haustsesong.

Les også: Kaupanger tapte seriefinalen: – Det er bittert

– Me treng ein meir stabil vårsesong, no i vår fekk me tre tap på fem kampar, og det har me ikkje råd til. Då var me prega av mange skadar og landslagsspelarar som var vekke. Så slike ting spelar inn - me veit også at Ingri Ness og Andrea Hopen skal på tur så dei mistar noko av oppkøyringsperioden - det kan jo spela inn.

– Målet er opprykk, reknar eg med?

– Målet er å alltid vera i toppen og rykka opp.

Til toppen