NÆRBUTIKK: Ansgar Brugrand ved Ljøsnabui på Ljøsne i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen
NÆRBUTIKK: Ansgar Brugrand ved Ljøsnabui på Ljøsne i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Håpar «ansiktsløft» gir stoppeffekt

Butikkdrivar Ansgar Brugrand ved Ljøsnabui nærbutikk på Ljøsne, nyttar lågsesongen til å gjera grep for å få fleire kundar til å stoppe langs E16. 

Lærdal: Sjølv om det ligg tunnel gjennom Ljøsne i planane, har ikkje Brugrand tru på at det skjer før om mange år. 

– I mellomtida kan jo ikkje huset detta ned. Det å fiksa opp huset, gjer jo at det kan blir lettare for alle bilane som passerer langs E16 å stoppa, då dei slepp å lura på om det er ein butikk eller ikkje, seier Brugrand, innimellom at han ekspederer kundane som kjem og går. 

Artikkelen held fram under biletet. 

NY FASADE: Her ser du første veggen som fekk ny kledning på nærbutikken Ljøsnebui. I tilegg har det kome på plass ny trapp, som er tilpassa rullestolbrukarar.
NY FASADE: Her ser du første veggen som fekk ny kledning på nærbutikken Ljøsnebui. I tilegg har det kome på plass ny trapp, som er tilpassa rullestolbrukarar.

Brugrand overtok butikken i starten av 2000. Han tykkjer det er lettare å drive butikken no, når omsetninga går rette vegen. Sjølv om det er noko handleslekasje, tykkjer han kundane er lojale. 

Anne Sofie Vik, som nesten er nabo til Ljøsnabui, er innom for å handle då Porten.no var innom butikken tidleg i desember. 

– Det betyr så mykje å ha ein butikk i nærleiken. Det er jo 15 km, om me skulle ha reist til Lærdalsøyri kvar gong ein treng noko, seier Vik. 

Oppussing og handikaptrapp

Gjennom Merkur-programmet, har han fått støtte til å gjere utbetringane, sjølv om han må ta hovudtyngda av kostandane sjølve. Likevel hjelper det på, då han utansett måtte gjere noko med det gamle bygget. 

Under opppussinga, har han også fått på plass handikaptrapp. Han erkjenner at det hadde han ikkje tenkt på, før entreprenøren foreslo å gjera noko med trappa for å gjera inngangspartiet betre. No har Brugrand også hatt den første rullestolbrukaren innom, som kom seg inn på eigen hand. 

– Det er framskritt, seier Brugrand. 

Artikkelen held fram under biletet. 

NABO: Anne Sofie Vik på handel på Ljøsnebui, som ligg etter hovudvegen på Ljøsne i Lærdal.
NABO: Anne Sofie Vik på handel på Ljøsnebui, som ligg etter hovudvegen på Ljøsne i Lærdal.

– Nyttig

– Eg vart med frå oppstarten av programmet, då det starta med kring seks samlingar per år for å gi kompenseheving for butikkane ute i distriktet. Etterkvart har no potten for støtte til auka til fleire tiltak, fortel han. 

Det er heller ikkje første gong han har fått støtte. 

– Kva har programmet betydd for butikken?

– Opp gjennom tidene har det vore nyttig, til dømes om ein frysar eller eit kjøleskap ryk, seier Brugrand. 

Til toppen